Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland

Vi tilbyr spesialisttannbehandling og gjev eit tilrettelagt tilbud til pasientar som har odontofobi, vore utsett for tortur eller overgrep. Vi driv rådgjevingstenester, kursverksemd og klinisk, praksisnær forsking.

Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland (TkVest/Hordaland) er eit av seks regionale kompetansesentre i odontologi. 

Oppdraget til TkVest/Hordaland er å bygge opp eit kompetansemiljø regionalt som kan vere drivkraft for fagutvikling og forsking i tannhelsetjenesta. Forskinga skal skje i samarbeid med ulike fagmiljø og bida til fagleg utvikling i den offentlege tannhelsetjenesta og i privat sektor.
Senteret er tilvisingsinstans og skal sikre befolkninga eit behandlingstilbod med tilgang til avansert diagnostikk og fleirfagleg spesialistbehandling.

Kompetansesenteret har eit tilrettelagt tannbehandlingstilbud til deg med angst for tannbehandling og sprøyteskrekk, torturoffre og overgrepsoffre. Vi driv også Haukeland sjukehus tannklinikk, med tilbod til inneliggjande pasientar.

TkVest/Hordaland driv etterutdanning av og gir fagstøtte til tannhelsepersonell, samt rådgiving overfor tannhelsetjenesta, andre tjenesteområde og befolkinga. Vi tilbyr og klinisk praksistrening for tannlegar under spesialistutdanning i samarbeid med UiB.

Våre einingar og tenester

Aktuelt frå TkVest/Hordaland

Prestisjetung forskingspris til Hordaland

Randi Jacobsen Bertelsen, forskar ved Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest, har fått Kronprins Haakons forskingspris for astma og allergi 2018. 

Prisen er på 50 000 kroner og vart delt ut under fagkonferansen Allergifrisk i Helsedirektoratet.

 

Les heile saken og sjå bilete på hordaland.no 

Pris til Athanasia Bletsa og Ole Iden for beste kasuspresentasjon presentert i Den norske tannlegeforenings Tidende

Juryen, redaksjonskomiteen i Den norske tannlegeforenings Tidende, har kåra Athanasia Bletsa og Ole Iden sin kasuspresentasjon «En uvanlig tilnærming til behandling av dens invaginatus» til den beste i perioden hausten 2016 til våren 2018. Prisen blei delt ut under åpninga av Norges Tannlege Forening sitt landsmøte på Lillestrøm, torsdag 4. oktober.

Fra venstre: Ansvarlig redaktør i Den norske Tannlegeforenings Tidende Ellen Beate Dyvi delte ut pris til prisvinnerne Athanasia Bletsa og Ole Iden (Foto: NTF)