Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland

Vi tilbyr spesialisttannbehandling og gjev eit tilrettelagt tilbud til pasientar som har odontofobi, vore utsett for tortur eller overgrep. Vi driv rådgjevingstenester, kursverksemd og klinisk, praksisnær forsking.

Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland (TkVest/Hordaland) er eit av seks regionale kompetansesentre i odontologi. 

Oppdraget til TkVest/Hordaland er å bygge opp eit kompetansemiljø regionalt som kan vere drivkraft for fagutvikling og forsking i tannhelsetjenesta. Forskinga skal skje i samarbeid med ulike fagmiljø og bida til fagleg utvikling i den offentlege tannhelsetjenesta og i privat sektor.
Senteret er tilvisingsinstans og skal sikre befolkninga eit behandlingstilbod med tilgang til avansert diagnostikk og fleirfagleg spesialistbehandling.

Kompetansesenteret har eit tilrettelagt tannbehandlingstilbud til deg med angst for tannbehandling og sprøyteskrekk, torturoffre og overgrepsoffre. Vi driv også Haukeland sjukehus tannklinikk, med tilbod til inneliggjande pasientar.

TkVest/Hordaland driv etterutdanning av og gir fagstøtte til tannhelsepersonell, samt rådgiving overfor tannhelsetjenesta, andre tjenesteområde og befolkinga. Vi tilbyr og klinisk praksistrening for tannlegar under spesialistutdanning i samarbeid med UiB.

Våre einingar og tenester

Aktuelt frå TkVest/Hordaland

Vi medverkar til spreiing av spesialistar

- Opprettinga av dei seks kompetansesentera medverkar til å få spreidd spesialistar ut til distrikta, seier Hildur Cecilie Søhoel, leiar for kompetansesenteret i Hordaland (TkVest).

For TkVest er dette viktig. Arbeidet med å få offentlege spesialistar plassert ute i distrikta har starta, for eksempel med ein endodontist ved Stord tannklinikk og ein pedodontist i Åsane. I nye Vestland fylkeskommune er det politisk vedteke at det skal vera eit spesialisttilbod i Sogn og Fjordane, og frå 2019 vil det vera ein oral kirurg som arbeider ved den offentlege tannklinikken i Stryn.

Les meir i Den norske tannlegeforenings tidende

Mange årsaker til at fleire unnlèt å senda bekymringsmelding til barnevernet

I ein nyleg publisert artikkel i Health & Social Care in the Community (Bjørknes, Iversen, Nordrehaug Åstrøm, & Vaksdal Brattabø, 2018), har ein kartlagt kva som er årsakene til at offentleg tannhelsepersonell i Noreg unnlèt å senda bekymringsmelding til barnevernet ved mistanke om alvorleg omsorgssvikt. Vidare har ein undersøkt om det er skilnad i årsaker til unnlating i henhold til ulike sosiodemografiske variablar.

Artikkelen syner at det er fleire årsaker til at tannhelsepersonell unnlèt å senda bekymringsmelding. «Usikker på eigne vurderingar» var årsaka som oftast var oppgitt (90%). Andre hyppige årsaker var mellom anna: «Hadde ikkje nok kunnskap om barnemishandling og omsorgssvikt» (68%), «Var usikker på korleis ein skal dokumentere funna/mistanken» (64 %), «Ubehageleg å melda sidan ein ikkje kan vera anonym» (61%) og «Redd for foreldra sin reaksjon» (53%).

Funna synleggjer eit behov for auka kunnskap og kompetanse i tannhelsetenesta og bidrar til auka forståing for kva faktorar som hindrar tannhelsepersonell i å senda bekymringsmelding til barnevernet.