Smerte-og roande midlar ved tannbehandling

Råd om lystgass, narkose om medikament for å lindre tannbehandlinga.

Lystgass


Kva gjer eg, korleis går eg fram om eg ønskjer lystgass eller informasjon om lystgass?

Ta kontakt med offentleg tannklinikk, den tannklinikken der du til vanleg går til tannbehandling. Der vil du evt. bli tilvist til aktuell tannklinikk som kan gje tilbod om lystgass.

Tannklinikkar med tilbod om lystgassbehandling

Frekhaug 57 30 33 10
Loddefjord 55 51 11 80
Nesttun 55 11 83 80
Norheimsund 56 55 01 80
Os 56 57 03 50
Stord 53 40 95 50
Årstad 55 20 64 50

 

 Kven er aktuell/kan få tilbod om lystgass

Når angstbehandling (tilvenning og kognitiv adferdsterapi) ikkje har lukkast.
Barn og vaksne som vegrar seg for tannbehandling.

Korleis fungerer og kva verknad har lystgass

Lystgass vert innanda gjennom ei maske som blir plassert over nasen. Metoden krev at tannlegen har spesiell kompetanse og utstyr. Ein føresetnad er også at pasienten kan puste gjennom nasen, og samtidig halde munnen open. Lystgass har angsdempande og roande effekt, og fungerer slik at pasienten føler seg avslappa og mindre engsteleg. Den har og ein viss smertedempande effekt. Effekten held seg så lenge pasienten innandar. Virkninga går fort ut etter at behandlinga er ferdig. 

Behandling med Dormicum og Midazolam


Kva gjer eg, korleis går eg fram om eg ønskjer behandling med Dormicum og Midazolam


Ta kontakt med offentleg tannklinikk
Velg den tannklinikken der du til vanleg går til behandling.

Kva er Dormicum og Midazolam

Middelet er roande med angsdempande effekt, og kjem i flytande form eller tablettar.

Kven kan få tilbod om Dormicum eller Midazomam-behandling

Born og vaksne med angst/vegring for tannbehandling.
Når angstbehandling (tilvenning og kognitiv adferdsterapi) ikkje har lukkast. Medikamenta blir også nytta i akutte situasjonar.
Det er viktig at pasient er frisk og fastande den dagen behandlinga skal skje.

Korleis fungerer og kva verknad har Dormicum og Midazolam

  • Som hovudregel får pasient utlevert medisinen på tannklinikken, og pasient oppheld seg deretter på tannklinikken fram til behandlingsstart
  • Middelet gjer at pasient blir sløv og avslappa, men ikkje sovande
  • I nokre høve kan det vere aktuelt å gje pasient beroligande medisin kvelden før som innsovningshjelp
  • Pasienten treng overvaking ved tannbehandlinga, og fram til virkninga går ut 

Narkose

Kven kan få tilbod om narkosebehandling

  • Barn og unge opp til 20 år
  • Personar som fyller vilkåra for gratis tannbehandling i den offentlege tannhelsetenesta i Hordaland bebuarar på sjukeheim
  • Psykisk utviklingshemma
  • Personer som har hatt heimesjukepleie eller psykiatrisk heimesjukepleie i minst 3 mnd.
  • Personar under legemiddelassistert rehabilitering

Korleis får eg behandling i narkose (barn og vaksne)

  • Ta kontakt med offentleg tannklinikk for evt. tilvising
  • Før ein kan kan bli tilvist til narkose, skal ein i utgangspunktet ha prøvd behandling med roande medisin eller lystgass hos fasttannlegen ved den offentlege tannklinikken i nærområdet. Lukkast ein ikkje med dette, er det den offentlege fasttannlegen som tilviser til narkose
  • Naudsynte skjema ved tilvising vert utfylt av fasttannlegen 
  • Helseskjema må fyllast ut av fastlege

Kor blir slik behandling utført 

Ved Haukeland universitetssjukehus,(Helse Bergen), Stord sjukehus, (Helse Fonna) og ved Solheimsviken tannklinikk i Bergen.
Vaksne, betalande personer som har behov for narkose må ta kontakt med det private tilbodet som ein finn ved Bergen Nord Tannlegesenter i Åsane. Dette gjeld også dei vaksne som har rettar i NAV og via Helfo.