Kven kan få offentleg tannbehandling

Den offentlege tannhelsetenesta har ansvar for barn og unge t.o.m. året dei fyller 20 år. I tillegg behandlar vi psykisk utviklingshemma og pasientar i institusjon og heimesjukepleie.

  • Born og ungdom frå 0 – 18 år (Dette gjeld tom. ut kalenderåret dei fyller 18 år.)
  • Psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon. 
  • Personar i institusjon og heimesjukepleie. Dette under føresetnad av at ein har budd i institusjon i 3 månadar eller meir, eller har motteke heimesjukepleie minimum 1 gong per veke i 3 månadar eller meir. Merk at loven gjeld både for psykiatriske og somatiske pasientar.
  • Ungdom som fyller 19 og 20 år i behandlingsåret betalar 25 % av takstar fastsett av departementet.    Merk, dette gjeld tom. ut kalenderåret dei fyller 20 år. Fom. det året dei fyller 21 år må dei betale takstar  som vaksne betalande pasientar, fastsett av Tannhelsetenesta i Hordaland.

Kor ofte blir du kalla inn til tannlege/tannpleiar

  • Hovudregelen er at barn/unge blir innkalla til tannhelsekontrollar kvar 24. månad
  • Om faglege vurderingar gjer det naudsynt kan pasientar innkallast oftare
  • Kun i spesielle høve skal det vere mindre enn 18 månader mellom kvar innkalling
     

Andre prioriterte grupper 

Personar som har tilbod innan rusomsorga

Dette gjeld personar som har vedtak om bu-opptrening i den kommunale rusomsorga, personar  med legemiddelassistert rehabilitering (LAR). I Hordaland har pasientar med rusproblem eit tilbod  ved Straxhuset i Bergen om tannbehandling. Behandlinga vert utført på Solheimsviken tannklinikk 2 dagar i veka. For behandlingstilbod til denne pasientgruppa utanfor Bergen, ta kontakt med offentleg tannklinikk i din akutelle kommune.


Sjå oversikt over alle tannklinikkane våre
Merk, du må opphalde deg i Hordaland for å kunne krevje å få dekt utgifter til tannbehandling. Dersom rusomsorga finn stad i annan fylkeskommune, er det fylkeskommunen du oppheld deg i som må dekkje tannbehandling for pasientar innan rusomsorg.      

Innsette i fengsel

  • Ved dom på 3 månader eller meir vert det gitt gratis tannbehandling, med unnatak av spesialistbehandling og protetiske erstatningar
  • Ved dom på under 3 månader må ein sjølv betale for tannbehandlinga
  • Ved dom på 2 år eller meir vert ein kalla inn til undersøking og behandling, og dei vert sett opp på recall
  • Ved dom på 3 månader og inntil 2 år må ein sjølv be om timeavtale
  • Innsette i Bergen fengsel blir behandla på eigen klinikk i fengselet
  • Innsette i Bjørgvin fengsel blir behandla på Hesthaugen tannklinikk
  • Personer som soner dom i overgangsbolig, eller som sonar heime med «fotlenke», blir ikkje omfatta av tilbodet om gratis behandling.  

Andre pasientgrupper som kan få behandling 

Vaksne betalande

I tillegg til dei prioriterte oppgåvene gir vi tilbod om behandling til vaksne, betalande  pasientar ved dei fleste klinikkane, avhengig av kapasitet.
Vaksne betalande betalar etter offentlege takstar fastsett av fylkestinget i Hordaland fylkeskommune.

Flyktningar og asylsøkjarar

  • Hvis det er, eller blir oppretta asylmottak i kommunen skal alle flyktningar i prioriterte grupper, ha dei same tannhelsetilbod som nordmenn elles har. 
  • Overtannlege og aktuell klinikkleiar har ansvar for at slik informasjon blir gitt til det lokale flyktningemottaket.
  • Dei ansvarlege for mottaktet skal kjenne til kor  asylsøkjar og flyktningar skal henvende seg ved behov for akutt tannlegehjelp.
  • Vaksne flyktningar over 20 år har i prinsippet fritt tannlegevalg, men så langt det er mogeleg er det naturleg at tannhelsetenesta i Hordaland også gir eit tilbod til dei vaksne flyktningane.
  • Vaksne flyktningar får delvis stønad til tannbehandlinga frå UDI.
  • Dei første 6 månader som vaksne flyktningar oppheld seg i Norge, vert det kun ytt akuttbehandling.
  • Flyktningar som får innvilga opphald i Norge vil etter ei viss tid bli plassert ut i kommunane. Når det skjer skal alle få det same tannhelsetilbodet som nordmenn elles, dvs at tannhelsetenesta på bustaden har ansvaret for å kalle inn alle som kjem i dei prioriterte gruppene i følgje Lov om  tannhelsetjenesten.
  • Vaksne betalande flyktingar har fritt tannlegevalg og må i utgangspunktet betale sjølve, men får ofte stønad frå kommunen si sosialtjeneste.