Kven kan be om innsyn
Pasient eller verje/føresette kan be om innsyn i journal.
Føresette til barn under 16 år har med nokre unntak, har rett til innsyn i barnet sin journal, og til å få journalutskrift. Den helserettslege myndigheitsalderen er 16 år.
Føresette har som hovudregel ikkje rett på innsyn/kopi av journal for barn over 16 år. Pårørande som ønskjer utskrift må leggja fram fullmakt frå pasienten sjølv, evt hjelpeverge, og vise legitimasjon.
Næraste pårørande har rett til innsyn i journal etter ein pasient sin død, om ikkje særlege grunnar talar mot dette.
Pasient-og brukerrettighetsloven § 4-3 første ledd bokstav b.https://helsenorge.no/rettigheter/pasientjournal
Slik får du innsyn i papirjournal
Send epost til: fylkesarkivet@hfk.no
eller pr. post til:
Hordaland fylkesarkiv
Postboks 7900
5020 Bergen
Dokumenta blir sendt rekommandert i posten, du treng ikkje vise legitimasjon ved førespurnad til arkivet.
Kor er pasientjornalar lagra?
Papirjournalar frå offentlege tannklinikkar i Hordaland er samla i Hordaland fylkesarkiv.
Tannhelsetenesta i Hordaland innførte digital pasientjournal i perioden 1998 - 2002. Journalar frå tida før dette var i papir.
Gjeldande lov om arkiv kom i 1999. Eldre journalar er i mange tilfelle makulerte, i tråd med regelverket på den tida, jamfør Arkivlova.