Tverrfagleg behandlerteam TOO

TOO er eit tilrettelagt tannhelsetilbod til tortur-og overgrepsutsette og personar med sterk angst for tannbehandling (odontofobi).

Behandlingstilbodet blir gitt av eit tverrfagleg team av tannlege, tannpleiar, tannhelsesekretær og psykolog, eit såkalla TOO-team. (Tortur- overgrep og odontofobi). Det er behandling av tannhelserelaterte angstlidingar som er hovudoppgåva og ikkje sjølve tannbehandlinga. 

Tannhelsetenesta i Hordaland gir eit tilbod til dei som treng hjelp for å kunne meistre vanleg tannbehandling. Hovudformålet med behandlinga er å hjelpe til å meistre dei enkelte deler av tannbehandlinga. Målet er å meistre tannbehandling hos ordinær tannlege i etterkant.
Etter fullført behandling i det tverrfaglege TOO-teamet, blir behandling vidareført av
tannbehandlarteamTOO på heimstad/nærområde. 

Kven kan få behandling

  • Personar som har vore utsett for grov tortur.
  • Personar som har vore utsett for overgrep av seksuell karakter eller vald i nære relasjonar.
  • Personar som lir av odontofobi eller annan psykisk liding med innslag av odontofobi.

Slik går du fram

Alle kan sjølv ta direkte kontakt med aktuell Tverrfagleg TOO-team, evt. be fasttannlegen, privattannlegen din eller psykolog om å tilvise deg.

Behandlinga kan du få ved følgjande tannklinikkar:

Stad E-post Telefon
 Spesialistsenteret ved TkVest TKV.Hord@hfk.no 55 58 37 93
 Stord tannklinikk odontofobi-team-stord@hfk.no 53 40 95 50
 Frekhaug tannklinikk TooTeamNord@hfk.no 57 30 33 10
 Voss tannklinikk TooTeamAust@hfk.no 56 52 36 00
 Straume tannklinikk TooTeamOygarden@hfk.no 57 30 37 80
 Askøy tannklinikk TooTeamAskoy@hfk.no

57 30 37 17/
57 30 37 03


Kva består behandlinga av

Teamsekretæren vil ta kontakt for eit telefonintervju og time til samtale hos teamet sin psykolog. Tverrfagleg behandlarteam vil bruke psykologiske teknikkar, og målet er å kunne klare å få utført nødvendig tannbehandling.

Pasientar som er ferdig behandla hos Tannbehandlarteam TOO skal tilvisast til sin tannlege saman med ei oppsummering og tilrådingar for vidare behandling.

Kva koster behandlinga
Angstbehandlinga og nødvendig behov for tannbehandling blir dekka av Hordaland fylkeskommune.

Informasjon frå Helsedirektoratet om behandlingstilbodet