Tannklinikkar, tenester og pasientrettar
Finn din offentlege tannklinikk
Vi gir tannhelsetenester til alle under tjue år, og til vaksne betalande når det er kapasitet.
Finn din tannklinikkHordaland fylkeskommune skal fremje tannhelsa til befolkninga i fylket. Tannhelsetenesta skal sørgje for naudsynt førebygging og behandling. Vi skal spreie opplysning om og auke interessa for kva den enkelte sjølv og allmenta kan gjere for å fremje tannhelsa.
Tannhelsetenesta skal bidra til at den enkelte best mogeleg kan bevare si tannhelse livet ut, og yte tannhelsetenester til befolkninga av god kvalitet i rimeleg nærleik til der dei bur.
Tannhelsetenesta i Hordaland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år, og skal sørgje for at alle som bur eller midlertidig oppheld seg i fylket har rimeleg tilgong til naudsynte tannhelsetenester.
Vi behandlar personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved kompetansesenteravdelinga tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Hordaland. Tilsette i tannhelsetenesta i Hordaland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).
Informasjon
Oversikt over dine rettigheter, moglegheit for frikort, prisar og tannklinikkar.
-
Finn tannklinikk
Finn din tannklinikk, kontaktinformasjon på alle off. tannklinikkar
-
Kven kan få offentleg tannbehandling
Oversikt over dei ulike ansvars-og behandlingstilboda
-
Smerte- og roande midlar ved tannbehandling
Lystgass, Dormicum og narkosebehandling
-
Andre pasientrettar
Rettar til stønader og tannbehandling
-
Kva kostar tannbehandling
Takstar og prislister
-
Søk om frikort - eigendeltak 2
Kva gjeld frikortet for
-
Klagerettar
Klage på utført behandling
-
Behandlingstilbod ved TOO-team
TOO er eit tilrettelagt tannhelsetilbod for personar som har vore utsett for tortur, overgrep eller har odontofobi (angst for tannbehandling).
-
Innsyn i journal
Søk om å sjå i din pasientjournal
-
Personvernerklæring for pasientar
Korleis tannhelsetenesta samlar inn og behandlar personopplysingar