Tannskadar i skole- og arbeidstid

Skader som har skjedd på skolen vert rekna med blant yrkesskader.  Merk, skaden må ha oppstått på skolen sitt område, eller på veg til og frå skule i organisert transport.

Kven dekkjer utgifter til evt. tannbehandling

NAV dekker skule/yrkesskader på tenner med omliggjande vev, fullt ut etter

Helse-og omsorgsdepartementet sine takstar -  R.skr. 1-4/2016

Kva må du sjølv gjere

Ta snarast kontakt med offentleg tannlege/tannklinikk for undersøking og behandling ved tannskade.

Sjå oversikt over offentlege tannklinikkar i Hordaland

Kva skal tannlegen/tannklinikken gjere

  • Sender melding til NAV om tannskaden.
  • Kopi av meldinga blir lagt i pasientjournal. 
  • Kopi av registrert skade hos NAV vert sendt den det gjeld/føresette.

Kva skal skolen gjere 

Skolen har også ansvar for å sende skademelding til NAV når skoleskade har oppstått.
Merk: Naudsynt tannbehandling som følgje av skaden vert dekt gjennom heile livet.