Råd ved tannskadar

Ved tannskadar bør ein ta kontakt med tannlege snarast mogeleg. Det er likevel ikkje alltid at tannbehandling er naudsynt med ein gong.

Hvis delar av tannkrona er slått av

  • Ta vare på den avslegne biten om den er større enn om lag 3 mm.
    Fleire små bitar kan bli vanskeleg å lime på att.
  • Oppbevar biten i vatn eller mjølk.
  • Ta kontakt med tannlege.
  • Lunken mat og drikke gir minst smerte

Hvis tann eller tenner er slått ut av stilling

  • Ta kontakt med tannlege snarast mogeleg.
  • Hvis det er vanskeleg å bite saman etter skade:
  • Fordi det kan vere kjevebrot bør du ta kontakt med tannlege eller lege snarast
    råd for undersøking.

Hvis ei tann er slått heilt ut

  • Oppbevar tanna i munnen eller i vatn eller mjølk. La tannlegen setje den på plass
    så snart som mogeleg, helst innan ein time.
  • Mjølketenner set ein ikkje på plass att.
  • Mjølketenner kan vere slått heilt inn i kjeven, og det kan såleis vere vanskeleg å sjå tanna.
  • Som oftast vil ei slik tann kome fram av seg sjølv etter ei tid. Ta kontakt med tannhelsepersonell for å ta røntgenbilete.

Skaderegistrering

  • Dersom tannskade skjer på arbeidsplassen, på skulen eller på veg til skulen, vil det bli rekna som yrkesskade i Folketrygda. Arbeidsgjevar eller skule må sende skademelding til NAV.
  • Tannlegen mottar skadeskjema frå NAV til utfylling. Dersom skaden er registrert, kan det søkjast om tilskot til tannbehandling også om skaden kjem til syne seinare.
  • Ta alltid kontakt med forsikringsselskapet ditt om du har skadeforsikring.
  • Tannlegen vil få tilsendt skadeskjema for utfylling.

Anna viktig informasjon:

  • Hugs at foreningar og lag ofte har kollektive forsikringar for arrangement
    (til dømes fotball-og handballkampar).
  • Det er viktig for tanna si framtid at den vert ferdig behandla etter skaden med naudsynte etterkontrollar. Dette er også viktig om forsikringa skal gjelde.