Informasjon om tannlegevakten

Alle som bur eller midlertidig oppheld seg i Bergen og omkringliggjande kommunar, og som har eit akutt skadetilfelle, eller behov for å stanse smerte kan få hjelp på tannlegevakten.

Ordinære opningstider 

Mandag - fredag 18:00 - 20:30
Laurdag, søndag og helgedagar 15:30 - 20:30
Jul- og nyttårsaften 08:00 - 12:00

Adresse og telefon

Solheimsgt. 18, Inngang B, på Danmarksplass

Tlf:  57 30 31 00

Merk at born og unge mellom 0 – 20 år må, dersom det er mogleg, ta kontakt med sin faste tannklinikk på dagtid. Dersom dette ikkje er mogleg og behovet for hjelp fell utanfor opningstidene til den ordinære tannklinikken, kan du gå til Tannlegevakten.

Ved tannskader og store smerter kan dei offentlege tannlegane kontaktast privat utanfor klinikkane si opningstid som er 08.00-15.30.

Kollektivtransport til tannlegevakten i Bergen


Bybanen og mange bussar stoppar på Danmarksplass, nokre få minutt å gå frå tannlegevakten. Det er gode gang- og sykkelvegar rundt tannlegevakten.

Ruteinformasjon fra Skyss

Frå nord (Bergenhus og Åsane):
Sving til høgre i krysset på Danmarksplass og deretter til høgre i første rundkjøring.

Frå sør (Årstad, Fana, Ytrebygda):
Kryss Danmarksplass i retning sentrum, og ta deretter av til høgre på avkjørsel ved inngangen til Nygårdsbrua. I rundkjøringa du kjem til skal du nesten rundt heile, og så ta av mot Solheimsgaten.

Frå vest (Fyllingsdalen og Laksevåg):
Når du kjem via Michael Krohns gate tar du til venstre i siste rundkjøring like før krysset på 
Danmarksplass.

Frå aust (Landås):
Ta til høgre i krysset ved Danmarksplass og ta deretter av til høgre på avkjørsel ved inngangen til Nygårdsbrua. I rundkjøringa du kjem til skal du nesten rundt heile, og så ta av mot Solheimsgaten.