Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Restaurant- og matfag

Restaurant- og matfag er ei yrkesfagleg utdanning. Det er vanleg å gå 2 år på skule og deretter bli lærling i 2 år for å ta fagbrev. Du kan ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vi tilbyr

Vg1 er felles for alle som vel Restaurant- og matfag.

På vg2 kan du ta Kokk- og servitør her hos oss.

Søk opptak

Kvifor restaurant- og matfag?

Dette er faget for deg som er interessert i matlaging, kosthald og ernæring.

Utdanningsprogrammet fører til yrke i mellom anna hotell- og restaurantnæringa og næringsmiddelindustrien, men også til arbeid i bedrifter som produserer kjøtt-, fiske-, drikke-, bake- og matvarer.

Vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Matematikk 1YP 3 0
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Kroppsøving 2 2
Felles programfag 17 17
YFF 6 9
Sum timetall per veke 35 35

Første året

RM 1.jpg

Vg1 Restaurant- og matfag

På Vg1 får du fagkunnskap gjennom desse programfaga:

  • råstoff og produksjon
  • kosthald og livsstil
  • bransje, fag og miljø
  • prosjekt til fordjuping

I arbeidet med faga får du ei blanding av praksis og teori.  Som elev får du vera med i fleire prosjekt  som t.d. julemiddag, lunsjar og middagar i regi av skulen. 

Du får vera med på bedriftsbesøk og i prosjekt til fordjuping får du veksla mellom å arbeida på kjøkenet og i restauranten vår og ute i bedrift.  Me har eit svært godt samarbeid med lokale hotell og restaurantar over heile landet.

Læreplan

Andre året

IMG_6605 (2).jpg

Vg2 Kokk- og servitør

På Vg2 får du fagkunnskap gjennom programfaga:

  • Kosthold, ernæring og helse
  • Råvarer og produksjon
  • Servering, bransje og miljø
  • Prosjekt til fordjuping

I arbeidet med faga vekslar elevane mellom teori og praksis. Skulen sitt moderne kjøken og restaurant gjev elevane gode føresetnader for å utvikle ein solid fagleg basis for starten på ei 2 årig læretid.

Prosjekt til fordjuping vert gjennomført ved skulen og  i bedrift.  Me hjelper deg med å  plukka ut og avtala praksisstad. Praksis i bedrift vil også gje deg gode kontaktar for lærlingesøknad.

Læreplan

 

Vegen vidare

Etter to år på skulen kan du velje mellom å bli lærling eller du kan ta Vg3 påbygg og få studiekompetanse.

Bli lærling

kontakt oss

Avdelingsleiar, restaurant- og matfag
Profilbilde av Trond Håvard Bjørnstad

Trond Håvard Bjørnstad

Send e-post 56532219