Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Villmark

 Villmarkslinja er for alle som ynskjer ein naturleg veg til studiekompetanse, og ein kan velja mellom generell og spesiell studiekompetanse.

Skulekvardagen er blanda med teori og praksis der klasserommet ofte er ute i naturens ulike element.

Ved å bruke naturen som eit aktive friluftsmenneske skal elevane lære seg å forstå naturlege samanhengar og få kjennskap til korleis vi menneske påverkar verda rundt oss.

VG1 Villmark byr på eit vidt spekter av naturrelaterte aktivitetar , der basiskunnskap står i sentrum. Fjellturar, skiturar, kano- og kajakk padling, jakt, fiske, klatring er blant dei ulike aktivitetane ein blir introdusert til.

Etter Vg1 Villmark kan ein gå vidare på Vg2 Villmark eller ein kan og velja ei av dei andre Vg2-linjene innan studieretning Naturbruk.

 

142662658_2919071928374102_2580407245870332292_n.jpg