Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Hestefaget

Nye undervisningsbygg og ny flott stall. Velkomen til eit spennande skuleår!

Ny og moderne stall

Ved Voss vgs kan me ynskje deg velkomen til ein flunkande ny og moderne stall. Her er det plass til 18 hestar fordelt på tre ulike avdelingar, i tillegg til eige undervisningsrom, veterinærrom, salmakarverkstad, og sjølvsagt ein eigen avdeling for hovslagar. Me har også innandørs ridehall, ein stor køyrebane og skrittemaskin for 6 hestar. Nærmiljøet til skulen er eit eldorado for turriding og køyring i terreng med uendelege mogelegheiter for eit kvart nivå.

Ekstrem hest

Voss vidaregåande skule har utvida sitt utdanningstilbod innan hestefag med eit nytt konsept – ekstrem hest. Ekstrem hest har stort fokus på læring gjennom opplevingar med hest, i varierte former og, etter kvart, meir utfordrande former. Me reiser både på dagsturar og overnattingsturar, rir og køyrer i variert terreng i vekslande tempo, prøver snørekøyring om vinteren og symjing om sommaren. Her er det rom for alle, frå nybyrjarar til øva ryttarar og kuskar. Tilbodet er på Vg2.

Les meir om tilboda på Vg1 og Vg2 nedanfor bilete.

Hestefaget - ryttere ved vann.jpg

Vg1 Hest

- for deg som vil ha hest som hobby eller yrke!

På Vg1 har me fokus på grunnleggande hestekunnskap i kombinasjon med utvikling av dine ferdigheiter som ryttar og/eller kusk. Du får muligheita til å prøve ut ulike greiner innan hestefag, og du kan sjølv velje å fordjupe deg innan eit spesielt interessefelt 6 timar i veka. Det er ikkje nødvendig å ha med eigen hest, men om du har, ligg alt til rette for dette.

Studiekompetanse

Hestefaget kan kombinerast med både generell og spesiell studiekompetanse. Etter Vg1 kan du gå vidare til Vg2 hest- og hovslagarfag, eller du kan velja ei av dei andre Vg2-linjene på Naturbruk.

Vg2 Heste- og hovslagerfag

– klassisk eller ekstrem hest!

På Vg2 får du vidareutvikla kompetansen din i hestefag. Du får utfyllande kunnskap om hestens stell og helse, korleis driva ein profesjonell stall, og du får yrkesrelevant praksis i ei hestebedrift ein dag per veke.

I faget ungdomsbedrift (UB) får elevane etablere ei bedrift og arbeide med å utvikle aktuelle tenester og produkt innan hestefaget.

Skulekvardagen din kan i stor grad tilpassast di hesteinteresse:

klassisk ridning og køyring

For deg som i hovudsak interesserar deg for klassisk ridning og køyring har me alle fasilitetar for det. I tillegg til ein flunkande ny stall og nye undervisningslokalar har me ridehall og ein stor køyrebane.

Sprang og dressur

For deg som er spesielt interessert i sprang og dressur, finns det i tillegg mogelegheit for eit 6 månader langt opphald i Ungarn der du verkeleg får spissa rideferdigheitene dine til det ypparste.

Ekstrem hest

Trivst du best utanfor ridehallens fire veggar, kan du velje ei meir allsidig tilnærming. Ekstrem hest konseptet har stort fokus på læring gjennom opplevingar med hest, i varierte former og, etter kvart, meir utfordrande former. Me reiser både på dagsturar og overnattingsturar, rir og køyrer i variert terreng i vekslande tempo, prøver snørekøyring om vinteren og symjing om sommaren.

Studiekompetanse

Hestefaget kan kombinerast med både generell og spesiell studiekompetanse. Dersom du ynskjer spesiell studiekompetanse brukar du timane i faget PFO til matematikk, biologi og kjemi. Etter vg2 kan du gå vidare til vg3, eller du kan gå ut i lære og ta fagprøve etter 2 års læretid.

Ta kontakt viss du har spørsmål.

 

Rådgjevar
Profilbilde av Anders K Finne

Anders K Finne

Send e-post 56532215
Elevinspektør
Profilbilde av Samson Hamre

Samson Hamre

Send e-post 56532222