Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bygg- og anleggsteknikk

Bygg- og anleggsteknikk er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vi tilbyr

Vg1 er felles for alle som tar Bygg- og anleggsteknikk. Skulen har to klassar med til saman 30 elevplassar.  

På Vg 2 kan du ta Byggteknikk her hos oss.

 

Søk skuleplass

Kvifor velje byggfag ?

Har du lyst til å jobba som tømrar med produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar? Då er Bygg- og anleggsteknikk  og Byggteknikk noko for deg!

Innan byggfag kan du gå vidare til ei rekkje fagområda, blant anna  Murarfaget, Tømrarfaget og Stillasbyggarfaget. Les meir om byggfag på vilbli.no.

Vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2
Fellesfag: 0 0
Norsk 2 2
Kroppsøving 2 2
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Engelsk 3 2
Programfag: 0 0
Produksjon 12 12
Teikning og bransjelære 5 5
Prosjekt til fordjuping 6 9
Sum timetall per uke 35 35

Første året

Bygg 03.jpg

Vg1 Bygg- og anleggsteknikk  

I løpet av første året vil du tileigne deg grunnleggjande kunnskapar om bruk av verktøy, maskiner og materialar.   Du vil lære alle fasar i ein arbeidsprosess frå planlegging, teikning, utføring og dokumentasjon av ditt eige arbeid.  Det blir lagt stor vekt på praktisk arbeid og på å utvikle handverksmessig dugleik.  I løpet av første året skal du i lag med medelevar og lærarar oppføre eit mindre bygg.

Bildet til venstre er frå faget Teikning og Bransjelære, arbeid med å lage og forstå teikningar av bygg og delar av bygg.  Elevane nyttar tradisjonelle teikneutstyr, men også avansert teikneutstyr på datamaskiner, t.d. AutoCad.   Spesielt i andre klasse, på Byggteknikk,  er AutoCad mykje nytta. Skulen har eigen teiknesal for byggfagelevar.

Andre året

Bygg10.jpg

Vg 2 Byggteknikk  

I faget lærer du å bygge ulike bygningskonstruksjonar av ulike materialar. Ein konstruksjon i form av eit byggverk har mange ulike delar, lag og materialar, som skal virke saman på en bestemt måte. Dette vil du som tømrar, murar, betongfagarbeidar eller stillasbyggar vere med å sørge for i praksis.  I løpet av andre året på skulen skal du i lag med medelevar og lærarar oppføre eit større bygg.

I lengre periodar er elevane ute på byggeplass.  I tillegg er elevar ute i praksisperiodar i lokale bedrifter etter avtale mellom bedrifta, skulen og den enkelte elev. Dette gjev verdifull praksiserfaring for elevar i fagområdet bygg- og anleggsteknikk.

Kontakt med bedrifter kan også føre til læreplass for deg som elev etter at du er ferdige med 2 år i skulen.

Ut i lære:

På yrkesfag er det normalløp med 2 år i skule og 2 år i lære.  Du kan derfor søkje læreplass i godkjente lærebedrifter etter at du er ferdig i 2. klasse.   For elevar  på yrkesfag er det også mogleg å velje påbygging til studiekompetanse i 3. klasse.  

Lurer du på korleis du søkjer læreplass eller kva som er godkjente lærebedrifter? Informasjon om dette finn du ved å følge lenkja Bli lærling under. Læreplass søkjer du på vigo.no.

kontakt oss

Avdelingsleiar, bygg og anlegg
Profilbilde av Ivar Magne Flatabø

Ivar Magne Flatabø

Send e-post 91638552