Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Teknologi- og industrifag

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. På Vg2 kan du velje mellom mange fagområde. Etter 2 år på skule er det vanleg å søke læreplass for å ta fagbrev. Både før og etter læretida kan du ta påbygging til generell studiekompetanse.

Vi tilbyr

Vg1 er felles for alle som tek Teknologi- og industrifag. Skulen har to klassar med til saman 30 elevplassar i dette programområde.

På Vg 2 kan du ta Arbeidsmaskiner, Køyretøy og Industriteknologi.

Skulen har i mange år organisert eit spesielt læringsløp (landbruks-maskinmekanikar) for elevar som ikkje får seg læreplass.  Dette er eit løp i skule i staden for læreplass i ei bedrift. Då tek du tredje året i skule og blir då, av skulen, ført fram til fagprøve som Landbruksmaskinmekanikar.

Søk skuleplass Vilbli.no

Kvifor velja Teknologi- og industrifag?

Har du sans for ny teknologi og har praktisk sans er Teknologi- og industrifag noko for deg. Med Teknologi- og industrifag kan du velja mange ulike retningar, til dømes Landbruksmaskinmekanikar, Bilmekanikar.

Sjekk vilbli.no for å få vita meir om faget.

Her finn du god informasjon om Teknologi- og industrifag:

Infofilmar Teknologi- og industrifag

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal VG1 Arbeidsmaskiner VG2 Industriteknologi VG2
Engelsk 5 0 0
Kroppsøving 2 2 2
Matematikk for teknologi- og industrifag 3 0 0
Naturfag for teknologi- og industrifag 2 0 0
Samfunnskunnskap 0 3 3
Norsk 0 4 4
Programfag: 0 0 0
Produksjon og tenester 7 0 0
Produktivitet og kvalitetsstyring 5 0 0
Konstruksjons- og styringsteknikk 5 0 0
Teknologi 0 0 12
Vedlikehald 0 0 5
Reparasjon og vedlikehald 0 12 0
Planlegging og kommunikasjon 0 5 0
Yrkesfagleg fordjuping 6 9 9
Sum timetal per veke 35 35 35
Fag og timetal
Fag Timetal VG1 Køyretøy VG2
Engelsk 5 0
Kroppsøving 2 2
Samfunnskunnskap 0 3
Matematikk for teknologi- og industrifag 3 0
Naturfag for teknologi- og industrifag 2 0
Norsk 0 4
Programfag: 0 0
Konstruksjons- og styringsteknikk 5 0
Produksjon og tenester 7 0
Produktivitet og kvalitetsstyring 5 0
Verkstadarbeid 0 12
Dokumentasjon og kvalitet 0 5
Yrkesfagleg fordjuping 6 9
Sum timetal per veke 35 35

Første året

Mekanisk14.jpg

Vg1 Teknologi og industrifag

I første klasse vil du tileigne deg grunnleggjande kunnskapar om produksjon, tekniske tenester, dokumentasjon og kvalitet. Du vil få trening i planlegging av arbeid, bruk av verktøy og måleinstrument, overvaking og drift av manuelle og automatiserte prosessar og materialkunnskap. Du vil mellom anna lære å dreie, frese, bore, kappe, skjere, sveise og lodde metall. Du vil lære korleis du skal vurdere risiko og korleis du skal dokumentere arbeid ved hjelp av teikningar og ulike skjema.

I tillegg vil du få bruke denne kunnskapen i praktisk arbeid på verkstad som skulen har til disposisjon. Du vil også i periodar arbeide ute i praktisk arbeid i bedrifter i nærområdet til skulen. Skulen har opparbeidd kontakt med ulike bedrifter, men du kan også søkje å finne ei bedrift som høver deg og som du sjølv ordnar kontakt med.

Andre året

Mekanisk16.jpg

Vg2  Arbeidsmaskiner

I Arbeidsmaskiner lærer du om vedlikehald og reparasjon av arbeidsmaskiner som er brukt i ulike bedrifter innan landbruk og anleggsverksemd. Teknologi og teknologisk utvikling, innan fagområdet, gjev store krav til dei som skal utføre reparasjonar og vedlikehald av utstyr og maskiner. Det du lærer i faget skal fremje økt kvalitet i verkstadtenester og bidra til sikker og rasjonell bruk av arbeidsmaskiner. HMS, gode prosedyrer, etterleve lover og forskrifter vil også være ein viktig del av opplæringa.

I deler av året vil du få praksis i bedrifter som skulen har kontakt med.   Det er også mogleg for den enkelte elev å søkje praksisplass i bedrifter etter eige ynskje.  Slike praksisplassar kan gje deg plass som lærling i fagområdet, og du kan då seinare gå opp og ta fagbrev innan fagområdet. Kontakt med bedrifter kan også føre til læreplass for deg som elev etter du er ferdig med 2. året på skulen.

Du kan og ta generell studiekompetanse enten før eller etter du har tatt fagbrev, då kan du søkja høgare utdanning ved høgskular eller universitet. Hugs at nokre studier som ingeniør forutset at du har visse realfag. Du kan også søkja opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna for deg som har relevant yrkeskompetanse. Etter fagbrev kan du søkja fagskuleutdanning.

Voss vgs  av Mikael H. Tennebekk.jpg

Vg 2 Køyretøy

Har du lyst å bli bilmekanikar kan du velje Vg2 køyretøy. Mykje av opplæringa vil gå føre seg i verkstaden og du får sjansen til utplassering i bedrift i løpet av skuleåret.

Sentrale arbeidsoppgåver kan vere:

  • søke etter elektroniske og mekaniske feil
  • gjennomføre service og vedlikehald av køyretøy
  • utføre reperasjoner og skifte delar

Køyretøy Vg2 gjev grunnlag for å søke læreplass i bedrift der du kan spesialisere deg vidare. Kontakt med bedrifter kan også føre til læreplass for deg som elev etter du er ferdig med 2. året på skulen.

Du kan og ta generell studiekompetanse enten før eller etter du har tatt fagbrev, då kan du søkja høgare utdanning ved høgskular eller universitet. Hugs at nokre studiar som ingeniør forutset at du har visse realfag. Du kan også søkja opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna for deg som har relevant yrkeskompetanse. Etter fagbrev kan du søkja fagskuleutdanning.

Industriteknologi - lånt bilete frå Sotra.jpg

Vg 2 Industriteknologi

Industriteknologi er eit av dei breiaste yrkesfaga, og gir moglegheiter til å gå ut i lære på mange fagområde. Vg2 industriteknologi gir elevane kompetanse i teknologiske, produksjonsretta og framtidsretta yrker. Denne typen industri er prega av kontinuerleg teknologisk utvikling med aukande grad av automatisering og datastyring av arbeidsprosessar. Me ynskjer å gje ei opplæring som skapar kvalifiserte og omstillingsdyktige fagarbeidarar til det store spekteret av yrker som denne fagutdanninga kan føra fram til.

Du kan og ta generell studiekompetanse enten før eller etter du har tatt fagbrev, då kan du søkja høgare utdanning ved høgskular eller universitet. Hugs at nokre studier som ingeniør forutset at du har visse realfag. Du kan også søkja opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna for deg som har relevant yrkeskompetanse. Etter fagbrev kan du søkja fagskuleutdanning.

Tredje året

Vossvgs.jpg

Vg 3 Landbruksmaskinmekanikerfaget

Ein landsbruksmaskinmekanikar kan arbeide på ein landbruksverkstad, på eit gardsbruk eller i andre bransjar. Du må kunne jobbe sjølvstendig og ikkje vere redd for å ta service og reperasjonar ute i felten.

Aktuelle arbeidsoppgåver kan vere:

  • Feilsøking og vedlikehald av landbruksmaskinar
  • Ulike sveisemetodar
  • Reperasjonar og justeringar av ulike system og komponentar
  • Utskifting av delar Tilpassingar

Du vil etter dette året gå opp til fagprøve og få fagbrev som landbruksmaskinmekanikar.

Ut i lære:

På yrkesfag er det normalløp med 2 år i skule og 2 år i lære.  Du kan derfor søkje læreplass i godkjente lærebedrifter etter at du er ferdig i 2. klasse.   For elevar  på yrkesfag er det også mogleg å velje påbygging til studiekompetanse i 3. klasse.  

Lurer du på korleis du søkjer læreplass eller kva som er godkjente lærebedrifter? Informasjon om dette finn du ved å følge lenkja Bli lærling under. Læreplass søkjer du på vigo.no.

Ta kontakt

Avdelingsleiar, teknologi- og industrifag
Profilbilde av Ivar Magne Flatabø

Ivar Magne Flatabø

Send e-post 91638552