Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elektrofag

Elektrofag er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2-3 år på skule før du søkjer læreplass. Lengda på utdanninga varierer noko avhengig av kva lærefag du vel. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vi tilbyr

Vg1 er felles for alle som tar Elektrofag. Skulen vår har to klassar med til saman 30 elevplassar i dette faget.

På Vg 2 kan du ta Elenergi hos oss.

Søk skuleplass

Kvifor velje elektrofag ?

Likar du å arbeide nøyaktig, sikkert og systematisk, og  er du serviceorientert ? Då kan elektrofag vere noko for deg.  Du må kunne tenke logisk og vere kreativ.  Vel du elektrofag vil du kunne velje mellom mange ulike yrke for installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Les meir om faget på vilbli.no.

Vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2
Fellesfag: 0 0
Norsk 2 2
Kroppsøving 2 2
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Engelsk 3 2
Programfag: 0 0
Automatiseringssystem 5 5
Data- og Elektronikksystem 7 5
Elenergisystem 5 7
Prosjekt til fordjuping 6 9
Sum timetall per uke 35 35

Første året

Elektro4.jpg

Vg1 elektrofag

Første året vil du  tileigne deg grunnleggjande kunnskapar om data- og elektronikksystem, elenergisystem og  automatiseringssystem. Du vil mellom anna lære å planlegge, montere, drifte, feilsøke og dokumentere kommunikasjonssystem for tele- og datasamband, elektriske installasjonssystem for lys- og varmestyring, for databehandling og automatiseringssystem.

Du vil også lære å utføre arbeid i samsvar med krav til tryggleik, miljø og kvalitet, lovar og føresegner. Utviklinga innan elektrofaga skjer raskt, og mange verksemder har stor internasjonal kontakt. Gode teoretiske og praktiske kunnskapar i fagområdet, i tillegg til språkkunnskapar, er difor viktig.

Andre året

Elektro 23.jpg

Vg2 elenergi

Programfaga dette året er Elenergisystem, Automatiseringssystem og Data- og elektronikksystem.

Du vil vere i praksis, ute i ei bedrift t.d. i periodar gjennom heile skuleåret og ha praksis i ei verksemd i nærområdet. 

Elevane kan stor sett sjølve velje den verksemda som passar best, men skulen har også verksemder som vi over år har samarbeid med. Praksis betyr at du faktisk får prøve deg som medarbeidar i den verksemda du er tilknytta. 

Med Vg2 Elenergi kan du velje mellom lærefaga elektrikarfaget, energimontørfaget, energioperatørfaget, elektromotor- og transformatorreparatørfaget, elektroreparatørfaget, heismontørfaget, signalmontørfaget og togelektrikarfaget.

Elektrofag

Ut i lære:

På elektrofag er det normalt med 2 år i skule og 2,5 år i lære.  Du kan derfor søkje læreplass i godkjente lærebedrifter etter at du er ferdig i 2. klasse.   For elevar  på yrkesfag er det også mogleg å velje påbygging til studiekompetanse i 3. klasse.  

Lurer du på korleis du søkjer læreplass eller kva som er godkjente lærebedrifter? Informasjon om dette finn du ved å følge lenkja Bli lærling under. Læreplass søkjer du på vigo.no.

ansvarlege personar :

Avdelingsleiar, elektrofag
Profilbilde av Ivar Magne Flatabø

Ivar Magne Flatabø

Send e-post 91638552