Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Skuleskyss

Er du elev i vidaregåande skule har du rett på skuleskyss. Vi på skulen hjelper deg med å søkje om kort.

Korleis kjem eg meg til skulen

For å komme til skulen kan du t.d. ta buss 964 eller 4500 frå Voss sentrum. Bruk Reiseplanleggaren på skyss.no for å finne ut kva buss som går til skulen frå der du bur.

Reiseplanleggar

 

 

Kven har rett på skyss

Du har rett på skuleskyss når du går på vidaregåande skule. Du må då ta minst ei halvårig utdanning og ha minst 20 undervisningstimar i veka. I tillegg må du oppfylle eit av desse krava:

  • ha minst 6 km gangavstand bustad-skule, kortaste veg
  • er funksjonshemma og må etter sakkunnig uttale ha skyss
  • må reise med båt
  • fell utanfor samordninga med ungdomskort

 

Meir om skuleskyss



Skoleskyss

 

Tap av skulereisekort

Skulle du vere uheldig og miste skulereisekortet ditt må du melde frå til skulen/kontoret snarast råd. Du vil då få nytt kort om kontoret har nye kort på lager. Elles må du dekkja alle reiser til nytt kort er utskrive!

Tapt kort vert sperra og kan ikkje takast i bruk seinare dersom du finn det att.