Alle Vg2-elevar får tilbod om stipend gjennom EU-midlar, og desse stipenda er på 3-4 veker og er kalla for Erasmus pluss –stipend.
Sidan 2002 har me kvart år hatt elevar utplassert i ulike europeiske land i periodar av skuleåret. Dette er ein veletablert praksis som me vil vidareføra.
Arbeidsmarknaden vert meir og meir internasjonal, og i tråd med det ynskjer me å gjera elevane i stand til å handtera den framtidige arbeidsmarknaden.
Språket som vert nytta i samband med internasjonalisering, er i all hovudsak engelsk. Sjølv om me samarbeider med mange land som ikkje har engelsk som hovudspråk.
Samarbeidspartar er:
- Villmark : Austerrike, Slovakia og Island
- Hestefag: England, Frankrike, Island og Danmark
- Landbruk: Frankrike, Slovenia, Island og Danmark
- Bygg og anlegg : Danmark
Alle elevar i kan søkja om stipend når dei er elevar i Vg1, og om ein får stipend vert praksisen i utlandet gjennomført i løpet av Vg2-kurset.
Vossaskulane i Europa: internasjonalisering i Europa gjennom Eu-programmet Erasmus+