Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Spesiallaga kunst til skulen

Ein kan vanskeleg unngå å sjå kunsten på Voss vgs! 6 kunstnarar har laga 5 verk spesielt til skulen, nokre samla og store, andre spreidde i fleire rom. Dei 5 spesiallaga verka er alle på sine vis forankra i handverksfag og tradisjonar, men nyttar dei på nye og frie måter.

Laila Kongevold og Stefan Christiansens store kunstprosjekt i tre, er noko av det fyrste du ser når du kjem inn på skulen. Det er i to delar: Norske talenter / Apophenia på utsida av auditoriet, og Norske talenter / Apollo 3 under det hengande møterommet.

Voss 0 hovedverk.jpg

Laila Kongevold og Stefan Christiansen: Norske talenter / Apollo 3.

Norske talenter

Norske talenter er oppkalla etter TV-programmet med same namn. Kunstnarane ynskjer å peike på moglegheitene unge har til å utforske eigne evner. Dei ville også vise til skulen sitt ansvar for å leggja til rette for at kunnskap, handverk og talent vert utvikla og tatt vare på. Norske talenter er forankra i tradisjonelle handverk og tradisjonar, men nyttar dei på nye og overraskande måtar. Dei overdimensjonerte relieffa er laga av målte finérplater av eik og bjørk. Skulpturen under møterommet er skore ut for hand, i treslaget lind.

Rakettforma

Under møteromsboksen heng den rakettmotor-liknande skulpturen Apollo 3, omkransa av eit ornament som kan minna om røyk og damp. Treskulpturen i lind er forma som ei flamme og beisa knall gul som kontrast til den svartgrå skåla som utgjer motoren. Den kan og minne om en olympisk eld snudd opp ned.

Voss 17 detaljer.jpg
Voss 16 detaljer.jpg

Moderne tatovering

Apophenia har ornamentmotiv av planten Akantus. Det er eit gamalt ornament, mykje brukt i klassiske byggverk, treskjering og rosemåling - men ein kan og ofte sjå det i moderne utgåver, t.d. i tatoveringar. Motivet er montert rettvendt og spegelvend på auditorieboksen og går gradvis i boge frå veggen og ut i ein spiss. Fargane byrjar dempa lyst og blått lengst mot dagslyset. Så aukar fargeintensiteten mot sterke og varme fargar i møtepunktet på hjørnet som vender mot Apollo 3 under grupperommet. Tittelen Apophenia viser til eit psykologisk fenomen knytt til å sjå meiningsfulle mønster eller samanhengar i noko som er tilfeldig. Til dømes som når du ser biletet av eit ansikt i ein sky eller i eit fjell. Oppmodinga her er nok: Bruk auga dine! Ha det moro!

Voss 18 detaljer.jpg

Geir Yttervik: Rimfrost, Hjarterommet, plan 1 og Laila Kongevold og Stefan Christiansen: Apollo 3

Det monumentale måleriet Rimfrost, som heng like ved Apollo 3 i Hjarterommet, er det lett å bli engasjert av. Me ser ein intens situasjon i vinterskogen, men me veit ikkje heilt kva som hender - eller kva som har hendt rett før denne augneblinken. Den eine hesten vender seg mot oss som ser på biletet. Vil han seie oss noko? Kosar dei seg på vinterføret? Rullar dei seg i snøen eller har det hendt noko gale?

Biletet er intenst og nesten isnande fiolett i ytterkantane. Så samlar det seg mot djupare grågrøne og mørke tonar i midten. Det er måla med røffe strøk der ein ser tydelege spor etter korleis kunstnaren har jobba.

voss 11 trearbeid.jpg

Jens Hauge: Frå prosjektet Utsiktspunkt og gøymestader  i venteareal teletenester, plan 1.

Plankehytter frå Voss

Kunstnaren Jens Hauge har fotografert plankehytter gjennom over tjue år. Han fortel at i fylgje hans eigne subjektive, vitskapelege registreringar er det ingen andre stader der er fleire oppførte leikehytter pr innbyggjar enn nettopp på Voss. Alle dei seks bileta i Ventearealet er herifrå. Dei er lysande klåre og detaljerte. Om ein kan seie nokon møter ei plankehytte med respekt, må det vera det Hauge gjer her, skriv ein meldar i eit blad. Det er lett å vera einig i det. Den som vil sjå meir frå dette prosjektet, kan låne seg boka Det norske huset, som Jens Hauge og forfattaren Frode Grytten gav ut i lag i 2013.

Musikalsk bilete

Til korridoren i Tilrettelagt opplæring har kunstnaren Line Hvoslef laga eit stort interaktivt kunstverk. Det er forma som eit måleri som strekkjer seg over heile veggen. Det har små instrument og andre lydgjevarar innebygd i måleriflata, til dømes små speledåsar, ein mikrofon og ei harpe. Der er og små bilete innfelt bak glas og rekkjer av små led-lys som pulserer langsamt. Når ein tek i bruk lydgjevarane kjem ny og uventa lyd i tillegg til lyden frå instrumentet; mellom anna song av trostefuglar!

voss 15 langvegg.jpg

Line Hvoslef: Alle fugler Tilrettelagt opplæring, Plan 1.

Måleriet er forma som eit stort landskap, med ei fjellkjede nedst og kvite skyer på himmelkvelven. Lydane er lågmælte og oppmodar elevar og andre til å gå i dialog med det som hender, og til å sanse med heile seg.

musikalsk bilete.jpg

Reint teknisk er veggen med lydgjevarane kopla opp mot ein datamaskin montert i eit skap bakom måleriet. Små mikrofonar fangar opp lyden frå lydgjevarane, og datamaskina handsamar og sender tilbake bearbeida lyd gjennom høgtalarane. Også lyset er styrt frå datamaskina. Måleriet er dels måla på plater i MDF, dels rett på veggen.

bumerke.jpg

Lillian Dahle: Bumerker, Klasserom, plan 1 og 2.

Mat for auga

I til saman 15 klasserom på plan 1 og 2 finn vi kunsthandverkar Lillian Dahle sine små ornament som ser ut som dei er freste ut rett i ytterveggen av massivtre. Spora i treverket er V- eller U-forma, og er målt med emaljemåling i ulike fargar. Ornamenta er baserte på tradisjonelle mønster frå karveskurd, men er handsama fritt av kunstnaren. Her er mykje mat for auga, om ein har tid og tålmod til å la dei leike seg med linjene og fargane!              

Bumerka til Lillian Dahle er freste ut på 19 mm treplater med same overflate som massivtreveggane. Ornamenta er freste ut på CNC-fres og etterpå måla for hand av kunstnaren. Til slutt er platene felte inn i veggen. 

Bumerke var opphavleg eigarmerke på hus og innbu. Dei skulle og verne mot trollskap.

Visuell skiljevegg i tekstil

I glasveggen mellom vestibylen og styrketreningsrommet på plan 0, har kunstnaren Anne-Gry Løland montert ein stor tekstil som går frå golv til tak. Den er heile 12 m lang og fungerer som ein visuell skiljevegg mellom dei to romma. Tekstilen gjev romma eit feststemd høgtidspreg som kan oppmuntra og glede både dei som skal trena og dei som er på veg til kulturaktivitetar og arrangement i idrettshallen.

voss 5 veggkunst.jpg

Anne-Gry Løland: Utan tittel. Vestibyle, plan 0.

Tekstilen har eit oppløyst, blonde-aktig preg og er utført i i intense raudfargar, med innslag av svart og blått. På avstand dominerer det oppløyste, i lag med fargar og mønstringar som er trykt på stoffet av kunstnaren, nokre geometriske, nokre organiske. På nærare hald ser ein oppsiktsvekkjande presise rokokko-prega teikningar og detaljar, teikna av "hol" i tekstilen.

voss 6 tekstilkunst.jpg

Den særskilde teknikken som er nytta, kallast utbrenning, eller Devor på fint. Det store bomullsstoffet er fyrst bearbeida med stofftrykk i ulike fargar og mønstringar. Over det heile er det sydd eit rutenett med syntetisk sytråd. Ovanpå dette har kunstnaren trykka  med ein type pasta som gjer at bomullsfibrane etter ein varmeprosess blir løyst opp der pastaen har vore. Den syntetiske tråden reagerer ikkje på utbrenningspastaen, og bind dermed heile tekstilen i hop.

Kunst i verkstaden 

Andreas Soma sitt kunstprosjekt er spreidd over fleire hallar og rom i verkstadtunet. Nokre er digre veggteikningar, andre mindre teikningar i glas og ramme. Prosjektet har samletittelen Keep your freedom in the corner. Save it for a rainy day, som og er hovudtittel på eit stort rute-måleri som heng i sløydsalen. Dei andre delane har undertitlar som er beskrivande, som Blått helikopter, Rødt helikopter, Blå bil (Lotus), Grønt fly. Helikoptera finst i to utgåver: Som skisser på papir, og som digre veggteikningar i TIP-hallane.

voss helikopter.jpg

Andreas Soma: Keep your freedom in the corner. Save it for a rainy day. TIP-hallar og byggfagsaler, plan 0.

Voss 2 bil.jpg

Om ikkje hovudaktiviteten i romma kunstverka befinn seg i direkte har med fly og helikopter å gjera, har dei likevel ein samanheng ved at dei er knytt til teknikk og konstruksjon. Men like viktig er kanskje det meir biletlege. Å vera skuleelev kan vera eit stort privilegium, men der vil saktens vera dagar der nokon kvar kan oppleve skulen som slitsam og tyngjande. Då kan helikopter, bil og fly være ein form for fridomssymbol og eit bilete på det å forma livet sitt sjølv.

 

voss 3 verksted.jpg

For kunstnaren ligg fridomen i kunsten, for andre kan han vera i ein heilt annan aktivitet eller ein anna stad. Me er aldri heilt frie, men ein flik av fridom kan vi alle ha.            

Dei store veggteikningane er måla med oljemåling rett på vegg. Papirarbeida er i goache (vannfarge) på papir, medan rutemaleriet er i akryl på lerret. Tittelen Keep your freedom in the corner. Save it for a rainy day har kunstnaren lånt frå den tyske kunstnaren Martin Kippenberger.

Tekst: Hilde Skjeggestad (leiar for Kunstutvalet ved Voss vgs). Foto: Øystein Klakegg.