Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Om skulen

Voss vidaregåande skule stod klar til opning hausten 2016.

Moderne læring i vakre omgjevnader!

Voss vidaregåande skule er den mest moderne yrkesfaglege skulen i Hordaland fylke og vart opna skuleåret 2016-17. Skulen som er lokalisert i Skulestadmo (3 km frå sentrum) ligg vakkert til omkransa av idylliske Lundarvatnet og  Lønahorgi – og har plass til om lag 400 elevar.

Regionalt tilbod innan yrkesfag

Voss vgs skal vera det regionale tilbodet innan yrkesfag, og står fram som ein framtidsretta læringsstad.  Vår hovudoppgåve er å kvalifisera elevane til arbeid i det lokale og regionale næringslivet.

Topp moderne

Du som  kjem til skulen vil møta nye, fine klasserom og undervisningshallar, nytt utstyr og topp moderne maskiner. Skulen  si hovudmålsetjing er å skapa ein fagleg  møteplass der skule  og arbeidsliv innan  dei ulike bransjane samarbeider tett om fagutviklinga og innhaldet i undervisninga. Opplæringa skal for alle utdanningsområda vera prega av at den er framtidsretta og røyndomsnær både i innhald  og arbeidsmetodikk.

Voss 18 detaljer.jpg

Kunstprosjektet ved skulen

Ein kan vanskeleg unngå å sjå kunsten på Voss vgs! 6 kunstnarar har laga 5 verk spesielt til skulen, nokre samla og store, andre spreidde i fleire rom. Dei 5 spesiallaga verka er alle på sine vis forankra i handverksfag og tradisjonar, men nyttar dei på nye og frie måter. Eit stort maleri og ein serie foto er òg kjøpt inn, og eldre bilete, åklede og anna frå dei opphavlege skulane får nytt liv i dei nye omgjevnadane. Det er lett å bli engasjert av i det monumentale maleriet Rimfrost, som heng like ved Apollo 3 i Hjerterommet (sjå bilete).

Sjå meir spesiallaga kunst til skulen

Leiargruppa

Rektor
Profilbilde av Svein Inge Styve

Svein Inge Styve

Send e-post
Assisterande rektor
Profilbilde av Svein Inge Kolve

Svein Inge Kolve

Send e-post 56532214
Avd.leiar Administrasjon
Profilbilde av Ingvill Katrine Tesdal

Ingvill Katrine Tesdal

Send e-post
Avd.leiar Bygg og anlegg / Elektro og datateknologi/ Teknologi-og industrifag
Profilbilde av Ivar Magne Flatabø

Ivar Magne Flatabø

Send e-post 91638552
Avd.leiar tilrettelagt opplæring
Profilbilde av Mette Ose Sponheim

Mette Ose Sponheim

Send e-post 56532218
Avd.leiar Naturbruk / Restaurant- og matfag
Profilbilde av Trond Håvard Bjørnstad

Trond Håvard Bjørnstad

Send e-post 56532219
Avd. leiar Fellesfag
Profilbilde av Marit Rykke

Marit Rykke

Send e-post 56532217
Avd. leiar Skulegard
Profilbilde av Olav Rio Holstad

Olav Rio Holstad

Send e-post 56532220