Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kantine

Kantina på Voss Vgs er open for alle og er ein naturleg samlingsplass. Her er det plass til alle, anten du nyt den gode maten som er å få kjøpt eller om du et nista di.

Skulen sitt tilbod om middag er ope for alle, me serverer god og rimeleg mat.
Middag vert servert:
Måndag kl 14.15-15.30
Tysdag til fredag kl 15.00-16.00
Prisen er kr 85. Om du ynskjer kaffi er den inkludert. Velkomen!

Maten i kantina er prega av lokal og kortreist mat, og er både sunn og næringsrik. Gjerne med eit internasjonalt preg og mangfald.

Kantina har eit rikt utval i varm og kald mat, med dagens suppe, smurt brødmat, internasjonale rettar, frukt og ein god salatbar. Det er eit godt utval anten det er til frukost, lunsj eller middag.

Matpakke for elevar

Kantina på skulen tilbyr «ei matpakke» for elevane med frukost og middag.  Dette kostar i inneverande år  kr 1500,- pr mnd. Alle våre elevar kan nytta seg av dette tilbodet, ikkje berre dei som bur på internatet.