Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Internat og Etter skuletid, Elevkoordinator

Etter skuletid – kva då?

Voss kommune har ca. 14.000 innbyggjarar. I sentrum, Vangen, bur det ca. 6.000 og her vil du finne mange ulike fritidstilbod. Du kan bruke idrettshallen, symjehallen, biblioteket, ungdomsklubben, delta i aerobic, fotball, lære gammaldans i ungdomslaget og nytte skianlegga i vinterhalvåret, for å nemne noko. 

Du kan kontakte elevinspektøren eller tillitsvald i klassen din dersom du har lyst å setje i gang spesielle fritidsaktivitetar på skulen.

Internat

Voss vidaregåande skule har ingen hyblar til utleige.  Det er likevel eit Internat på Voss.  Internatet er organisert av Nye Voss Vidaregåande skule på Skulestadmo og er lokalisert i lokala på Rogne vidaregåande skule.   Her kan du søkje hybel og det er eit organisert tilbod med ein internatleiar, miljøarbeidarar og nattevakt.  

Ta gjerne kontakt med internatleiar, Stein Tore Klovning, tlf. 90299915.

Meir informasjon om Internatdrifta finn du på Nye Voss Vidaregåande skule sine sider.    Link finn du her:

Informasjon om Internatdrift 

 

Gymnastikksalen på Vatletun

På skulen kan du bruke gymnastikksalen på fritida, til m.a. organisert bordtennis, volleyball, vektløfting m.m. Kvar haust vert det sett opp timeplan for bruk av gymnastikksalen på kveldstid. Er du spesielt interessert i ein idrett, ta gjerne initiativ til å starte ei gruppe (snakk med kontaktlærar, kroppsøvingslærar, elevinspektør).

Bruk av klasserom/spesialrom

På Vatletun: Du kan bruke klasserom til ulike aktivitetar m.a. lekselesing, gruppe- og prosjektarbeid. Nokre spesialrom er òg opne på kveldstid etter avtale.

Elevkoordinator, for alle skulane på Voss

Skulane på Voss har organisert ei stilling for å støtte elevar i ulike samanhengar.  Hilde Marie Kårbø har denne stillinga og ordnar ulike opplegg for elevar som har hybel på Voss.   Sjekk ut Facebook, via denne linken

Elevkoordinator på Facebook