Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Samarbeid med utlandet

Yrkesfagleg praksis kombinert med kultur, språk og samfunnsforståing i eit stadig skiftande Europa

Utvekslingsprogram Erasmus +

Har du lyst på å samarbeide med ungdommar frå andre land?  Kan du tenke deg å reise og bli kjent med ungdommar i andre land eller ta imot besøk her heime via opplegg tilknytt den vidaregåande skulen? Det kan du få oppleve ved Voss vidaregåande skule.   Vi har hatt samarbeidsprosjekt med skular i andre land i mange år.

Gjennom det nye EU programmet Erasmus+ søkjer Voss vidaregåande skule gjennom Internasjonalkoordinatorane for skulane på Voss om plass for våre eigne elevar i ulike utvekslingsprosjekt.  Prosjektet har som utgangspunkt :

"Yrkesfagleg praksis kombinert med kultur, språk og samfunnsforståing i eit stadig skiftande Europa".

Formålet er å gi elevene djupare forståing av den felles europeiske kultur, samanlikne dei ulike nasjonale kulturane og tradisjonar, samt knytte kontaktar med elever frå andre land. Det er normalt elevar på vg2 som vil delta, men også elevar frå vg1 kan bli aktuelle for å reise med dette opplegget.

Våre elevar er ute og reiser i deler av skuleåret

Vi har faste opplegg med t.d.  Reiseliv som har knytt til seg skular i Spania i Murcia, med bedrifter i nærområdet til skulen der våre elevar får arbeidspraksis.   Vi har også liknande opplegg i Danmark og på Shetland.  Våre frisørelevar har t.d. vore i Danmark, og elevar frå IKT-servicefag har vore på Shetland.

Internasjonalisering handlar om å reise ut, men også om å ta imot personar frå andre land.

Å delta internasjonalt, og engasjere seg i ulike kulturelle og sosiale aktiviteter saman med elevar på same nivå, frå andre land, er gjevande og vil gje deg både fagleg og personleg utvikling. Samtidig vil du knytte gode kontaktar og få gode vener.  Dei av våre elever som har vore ute og reist, kjem tilbake med minne for livet!   

Erasmus+ er eit program som legg strukturar for gjensidig kontakt med ein skule, institusjon eller organisasjon og opprettar opplegg for våre elevar, lærlingar, eller for lærarar i eitt eller fleire land utanfor Norge.   Det skal vere eit samarbeid og utveksling av faglig arbeid innan eit fag i den vidaregåande skulen.   Internasjonalisering inkluderer utveksling begge vegar (mobilitet) av elevar, lærlingar eller lærarar.

DSC_0373.JPG
BlueVETorg.png
Vår skule organiserer læringspraksis i utlandet gjennom at skulen er godkjent som "VET Charter Mobilitet" og samarbeider med SIU og andre organisasjonar. Dette fører til at opphald i utlandet for våre elevar er godt organisert. Sjå linken nedanfor.

 
http://siu.no/Videregaaende-opplaering/Erasmus-for-fag-og-yrkesopplaeringen/

 

Internasjonale koordinatorar, Vossaskulane

Internasjonal koordinator Profilbilde av Trond Remme

Trond Remme

Send e-post
Internasjonal koordinator Profilbilde av Knut Larsen Holtekjølen

Knut Larsen Holtekjølen

Send e-post