Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevtenester

Her finn du informasjon om helsesjukepleiar, elevinspektør, rådgjevar og elevrådet.

HELSESJUKEPLEIAR

Treng du nokon å snakke med kan helsesjukepleiar vere god å ha. Helsesjukepleiar har teieplikt, og tilbodet er gratis. 

Du kan snakke med helsesjukepleiar om det meste, blant anna:

  • alkohol, tobakk, stoff
  • om du er trist eller lei
  • har spørsmål om helsa
  • har søvnproblem
  • seksualitet og prevensjon
  • kosthald
  • har problem heime

Vår helsesjukepleiar heiter Nina Helgaset. Ho er til stades på skulen tysdagar kl. 09.00 - 13.30. Dersom ein ynskjer kontakt med helsesjukepleiar kan ein ta kontakt på
tlf. 95 26 20 61 eller 56 53 30 40.

Du kan tinga time på kontoret eller via kontaktlærar. Du kan òg stikke innom på kontoret hennar som ligg i administrasjonsfløyen i 1. etasje.

VVS bibliotek.JPG

BIBLIOTEKET

På biblioteket kan du gjere lekser, jobbe med gruppeoppgåver, låne bøker eller slappe av med ei bok. 

RÅDGJEVAR OG ELEVINSPEKTØR

Rådgjevar

Rådgjevar kan hjelpa deg med:

  • Kvar du skal utdanne deg
  • Kva utdanning du kan ta
  • Korleis du kan studere utanlands
  • Korleis du kan skrive ein søknad
  • Tilrettelegging viss kvardagen er tung
  • Informasjon om tilbod og krav frå  skular

Rådgjevarane har teieplikt,  og kan berre gi opplysningar vidare etter avtale med eleven. Dei har likevel opplysingsplikt om dei får informasjon om alvorlege hendingar som kan vere til skade for eleven. 

Rådgjevar sitt kontor ligg i administrasjonsfløy i 1.etasje.

Elevinspektør

 Elevinspektøren er eleven sin talsmann og skal sørge for at eleven si velferd blir tatt vare på på best mogleg måte. Han skal saman med rådgjevar hjelpe elevane med skulerelaterte eller personlege vansker. I tillegg har elevinspektøren ansvar for  å følgje opp elevrådet.

Du finn elevinspektøren vår i administrasjonsfløy i 1.etasje.

Kontaktinformasjon

Rådgjevar
Profilbilde av Trond Remme

Trond Remme

Send e-post 56532223
Rådgjevar
Profilbilde av Anders K Finne

Anders K Finne

Send e-post 56532215
Elevinspektør
Profilbilde av Samson Hamre

Samson Hamre

Send e-post 56532222

Elev- og lærlingombodet i Vestland

Sigrid Isdal og Venke Nordeide er elev- og lærlingombod i Vestland fylkeskommune og jobbar for at du som er elev eller lærling skal få rettferdig behandling.

Lurer du på noko som gjeld skulekvardagen din? Er du usikker på kva som er innanfor? Kva som er greitt og kva som er ugreitt når du er lærling? Får du opplæringa du har rett på? Opplever du at noko er urettferdig?

Dette og meir kan du snakke med Sigrid eller Venke om. Dei passer på rettane dine og informerer deg om ansvaret ditt. Dei har teieplikt! 
Meir informasjon finn du her: https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/hjelp-i-skulekvardagen/elev--og-larlingombodet/ Du finn dei også på Snap (Elombud) og på Facebook (Elev- og lærlingombodet i Vestland).

Profilbilde av Sigrid Isdal

Sigrid Isdal

Send e-post 40403145

Elevrådet

Elevrådet skal arbeida for trivsel og godt samarbeid i skulemiljøet, og ta opp elevsaker og fremja dei for skuleadministrasjonen.

Elevinspektøren er elevrådet sin kontaktperson inn til skuleleiinga.  Elevrådet er samansett av ein tillitselev frå kvar klasse. Desse vel sjølve eit elevrådsstyre.

Styret skal ha leiar, kasserar og skrivar og elles så mange medlemmer som elevrådet vedtek.  

Elevkoordinator

 Hilde Marie Kårbø er Elevkoordinator ved dei to vidaregåande skulane på Voss. Elevkoordinatoren arbeider med elevane og fylgjer dei opp slik at dei kan gjennomføre vidaregåande opplæring på ein god måte.

Elevkoordinator
Profilbilde av Hilde Marie Kårbø

Hilde Marie Kårbø

Send e-post