Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

praktisk informasjon

Eksamensplan 2019 for Voss vgs

Voss vidaregåande skule sin eksamensplan for våren 2019 finn de nedanfor.

Eksamensplan 2019 for Voss vgs

Elevarbeid skuleåret 2019-2020

Bygg- og anleggsteknikklina og Anleggsgartnarlina ved Voss vgs tek på seg elevarbeid for skuleåret 2019-2020. Passande arbeid for Bygg- og anleggsteknikklina kan vera garasje eller carport med betongarbeid, eller større bygg med innreiingsarbeid. Me ynskjer og mindre bygg som reiskapsbu og liknande. Passande arbeid for Anleggsgartnarlina er murar, belegningsstein, brustein, kantstein og plantar.

Arbeidssøknad - elevarbeid skuleåret 2019-2020

Aktuelt

Læreplassar pr 1. juni

Læreplassar pr 1. juni

3 av 4 Vg2-elevar (yrkesfag) har fått læreplass pr 1. juni! Skuleåret er på hell, og av dei Vg2-elevane som vil ut i lære, har heile 75,5% fått læreplass. Bak desse tala er det 57 elevar, der 43 av dei no skal ut i lære. Talet er imidlertid stigande, og målsettinga er at alle som vil ut i lære skal få oppfylt sitt ynskje. Av dei Vg2-klassane som kan gå ut i lære (Vg3 opplæring i bedrift), er det dette året heile 69% som ynskjer å fullføra utdanninga si med å gå vidare i lære og ta fagbrev. 31% ynskjer å gå vidare på studieførebuande påbygg (Vg3).

Voss vidaregåande skule

Voss vidaregåande skule

Voss vgs er ein moderne yrkesfagleg skule lokalisert i Skulestadmo 3 km frå Voss sentrum. Den  ligg fint til omkransa av Lundarvatnet og Lønahorgi. Skulen har plass til om lag 400 elevar.