Vaksenrett
Vaksne har lovfesta rett til gratis vidaregåande opplæring, studierettleiing og realkompetansevurdering, såkalla vaksenrett.
Du har vaksenrett dersom du:
- fyller 25 år eller meir det året du søker
- ikkje har fullført vidaregåande utdanning tidlegare eller har vidaregåande utdanning frå eit anna land som ikkje er godkjent i Noreg
- har fullført grunnskule eller tilsvarande
- søker i heimfylket ditt (Hordaland)
- har gyldig opphaldsløyve (gjeld minoritetsspråklege)
Vi vurderer om du har vaksenrett når du søker.
Vaksne under 25 år
Alle har rett til å fullføre vidaregåande opplæring. Er du under 25 kan du søke vanleg vidaregåande skule. Dette gjeld og dersom du har tatt utdanning i eit anna land og ikkje får ho godkjent i Noreg. Det er også mogeleg å søke om å endre ungdomsretten til vaksenrett etter § 4A-3.
Fullføringsrett
Vaksne som har fått plass på vidaregåande opplæring har rett til å fullføre opplæringsløpet. Dette gjeld sjølv om du ikkje har vaksenrett.
Grunnskule og grunnleggjande norsk
Dersom du har behov for grunnskuleutdanning eller opplæring i grunnleggjande norsk kan du kontakte heimkommunen din.
Heimla i opplæringslova
Vaksne sin rett til gratis opplæring, realkompetansevurdering og studierettleiing er heimla i opplæringslova.
Opplæringsloven § 4A–3, Lovdata
Kontakt oss
Kontakt oss dersom du har spørsmål om vaksenrett og vidaregåande opplæring for vaksne på Voss gymnas.
Kontakt Vo-rådgjevar i skule:
Ole Jonny Oppkvitne, Tlf 56 53 23 97 / 952 15 630, e-post: Ole.Jonny.Opkvitne@vlfk.no