Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Restaurant- og matfag

Er du interessert i fagbrev som kokk eller servitør?

Opplæringstilbod

August 2019

Senter for vaksenopplæring starta hausten 2019 opp kokk- og  servitøropplæring på Voss, for vaksne med relevant erfaring frå bransjen. Kurset har undervisning ein dag i veka, 4 timar måndag. Opplæringa går over 1 år. Opplæringa rettar seg mot Vg 3, praksiskandidatopplæring,  med ein 5 timars skriftleg eksamen til slutt. Det er difor krav om relevant praksis frå bedrift eller læreplass i bedrift. Etter eksamen kan kandidatar med nok praksis gå opp til fagbrev. 

AUGUST 2020 

Vi planlegg full opplæring i kokkfaget i 2020. Vi tilbyr da teorien du treng for å ta fagbrev. Du treng ikkje praksis frå faget før du søkjar. Undervisning og kursmateriell er gratis for alle som får plass. Det blir gjeve undervisning i både fellesfag (norsk, samfunnsfag, matematikk, naturfag og engelsk) og programfag på vg1- og vg2-nivå. Du kan søkja læreplass når du har bestått teoriopplæringa og har 421 timar praksis innafor faget.

  • Kursstad: Voss gymnas/Voss vidaregåande skule  
  • Tid: 2 dagar pr. veke kl. 8.40 - 15.35
  • Varigheit: 2 år + læretid
  • Minoritetsspråklege søkjarar bør vera på nivå B1 i norsk
  • Vi planlegg oppstarti august 2020 dersom det melder seg nok søkjarar med vaksenrett

Søknadsfrist 1. april for kurs som startar om hausten.

Me prioriterer søkjarar med vaksenrett, men alle kan søkja. Me tek atterhald om nok søkjarar med vaksenrett.

kokkbeskjært.jpg