Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Reinhaldsoperatør Vg3 (Bygg- og anleggsteknikk)

Reinhaldsoperatøren reingjer og vedlikeheld overflater og bidreg til å skape eit sunt innemiljø. Reinhaldsoperatørar utfører vedlikehald og reinhaldsarbeid i næringsbygg og hjå bedrifter. Som faglært reinhaldsoperatør har du varierte arbeidsoppgåver og du handterer ulike maskiner og ny teknologi i arbeidet.

opplæringstilbod 2020

Senter for vaksenopplæring ynskjer å starta opp Renhaldsoperatørfaget på Voss/Odda hausten 2020, for vaksne med relevant erfaring frå bransjen. Opplæringa går over 1 år. Opplæringa rettar seg mot Vg 3, praksiskandidatopplæring, med ein 5 timars skriftleg eksamen til slutt. Det er difor krav om relevant praksis frå bedrift eller læreplass i bedrift. Etter eksamen kan kandidatar med nok praksis gå opp til fagbrev.

  • Kursstad: Voss gymnas/Odda vidaregåande  
  • Varigheit: 1 år teori + 5 års praksis i yrket + Vg3 5 timars skrifteleg eksamen = kan gå opp til fagprøven 
  • Minoritetsspråklege søkjarar bør vera på nivå B1 i norsk
  • Du må ha grunnskule frå Norge eller tilsvarande
  • Vi prioriterer søkjarar med vaksenrett, men andre kan og få plass om det er ledig.  

Renhalder på jobb