Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Naturbruk

Gartnarutdanning er ei 3-årig vidaregåande utdanning. Me tilbyr denne på deltid for vaksne.

opplæringstilbod 2020

Hausten 2020

Kurset for hausten 2020 er fullteikna, men du kan søke om å stå på venteliste.   

Deltidsutdanning over 2 skuleår. Samlingsbasert med 3 dagar pr. månad, måndag-onsdag. 

Høver for:

- vaksne som arbeider innan gartnarnæringa

- vaksne som treng yrkesfagleg kunnskap om planter og planteproduksjonar

- vaksne som overtek ein gard med hagebruksproduksjon

- vaksne som treng landbrukskompetanse som eit supplement til anna formell utdanning

- vaksne som ynskjer meir kunnskap om natur- og miljøspørsmål

Inntakskrav: 

- ein må vere fylt 25 år

- ein må ha ein tilknytning til gartnarnæringa, via jobb eller ha eige gardsbruk

Vi har dei seinare åra opplevd høge søkjartal på gartnarutdanninga. Om det er fleire søkjarar som oppfyllar inntakskrava enn det er plassar til på utdanninga, vil vi prioritere etter søknadsdato. 

_MWF7646.jpg



Gartnarfaget

Det vert opplæring i programfag på Vg2 Landbruk og gartnarnæring og Vg3 Gartnarnæring, over 2 skuleår. Opplæringa på samlingane omfattar teori, praksis og bedriftsbesøk, i tillegg blir det oppgåver heime mellom samlingane og noko eigen praksis i bedrift. 

Vitnemål 

Har du fellesfag frå før og relevant praksis, kan du få vitnemål som gartnar når du har fullført og bestått programfaga, eventuelt får du kompetansebevis. 5 års yrkeserfaring gjev fritak frå kravet om fellesfag, dersom søkjaren er 25 år eller eldre. 

Stad: Ulvik 

Fagtilbod for vaksne i Hordaland

Dersom du ikkje kan finne faget du ønsker på sidene våre kan du undersøke om det finst ved eitt anna senter. Vi har fem Senter for voksenopplæring i Hordaland. Du finn dei i Bergen, Sotra, Stord og Voss. Liste over alle fag i Hordaland kan du finne via lenka nedanfor.