Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kjemiprosess Vg3 (TIP)

Som fagoperatør kan du jobbe i kjemisk prosessindustri. Denne famnar ein rekkje område som kjemisk og petrokjemisk industri, kjemisk mineralindustri, farmasøytisk industri, produksjon av sildeolje, olje og gass offshore. Du kan og jobbe i metallurgisk industri, for eksempel i eit smelteverk, ovnshus eller støyperi.

opplæringstilbod 2020

Senter for vaksenopplæring ynskjer å starta opp Kjemiprosessfaget på Voss/Odda hausten 2020, for vaksne med relevant erfaring frå bransjen. Opplæringa går over 1 år. Opplæringa rettar seg mot Vg 3, praksiskandidatopplæring, med ein 5 timars skriftleg eksamen til slutt. Det er difor krav om relevant praksis frå bedrift eller læreplass i bedrift. Etter eksamen kan kandidatar med nok praksis gå opp til fagbrev. Vi tek atterhald om nok søkjarar til utdanninga. 

  • Kursstad: Voss gymnas/Odda   
  • Varigheit: 1 år teori + 5 års praksis i yrket + Vg3 5 timars skrifteleg eksamen = kan gå opp til fagprøven 
  • Minoritetsspråklege søkjarar bør vera på nivå B1 i norsk
  • Du må ha grunnskule frå Norge eller tilsvarande
  • Vi prioriterer søkjarar med vaksenrett
  • Utdanninga er gratis for dei med vaksenrett. Bedrifter kan ellers finansiere plassar i utdanninga for eigne tilsette utan vaksenrett.