Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning. Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel. Undervisninga er på deltid og tilrettelagt for vaksne som ynskjer å kombinere jobb og utdanning.

opplæringstilbod

August 2019

Vi starta opp deltidsutdanning over 2 år, 2 dagar pr veke på Voss, i august 2019. 

Vi starta opp deltidsutdanning over 2 år, 2 dagar pr veke i Øystese, i august 2019

AUGUST 2020

Vi planlegg oppstart av full opplæring i barn- og ungdomsarbeidarfag på Voss i 2020. 

Du kan søke fram til 1. mai på fag som ikkje er fullteikna. Les meir om korleis du søker.

Vi prioriterer søkjarar med vaksenrett, men alle kan søkja. Me tek atterhald om nok søkjarar med vaksenrett.

Om det er fleire søkjarar som oppfyllar vaksenretten enn det er plassar til på utdanninga, vil vi prioritere etter søknadsdato. Prioritering etter søknadsdato gjeld og for eventuelle søkjarar utan rett som får tilbod ved ledige plassar.  

Barne- og ungdomsarbeidar i ein klasse på vidaregåande.


Helsearbeidarfaget eller barne- og ungdomsarbeidarfaget 

Vi tilbyr teorien du treng for å ta fagbrev i Helsearbeidarfaget eller Barne- og ungdomsarbeidarfaget.  Undervisning og kursmateriell er gratis for alle som får plass. Det blir gjeve undervisning i både fellesfag (norsk, samfunnsfag, matematikk, naturfag og engelsk) og programfag på vg1- og vg2-nivå. Du kan søkja læreplass når du har bestått teoriopplæringa og har 421 timar praksis innafor faget.

  • Tid: 2 dagar pr. veke kl. 8.40 - 15.35
  • Varigheit: 2 år + læretid
  • Minoritetsspråklege søkjarar bør vera på nivå B1 i norsk

 

Fagtilbod for vaksne i Hordaland

Dersom du ikkje kan finne faget du ønsker på sidene våre kan du undersøke om det finst ved eitt anna senter. Vi har fem Senter for voksenopplæring i Hordaland. Du finn dei i Bergen, Sotra, Stord og Voss. Liste over alle fag i Hordaland kan du finne via lenka nedanfor.