Vidaregåande utdanning for vaksne
Vi tilbyr teorien du treng for å ta fagbrev eller generell studiekompetanse som vaksen. Les meir om korleis du søker og kva dokumentasjon du må sende.
Vidaregåande opplæring for vaksne skuleåret 2020 til 2021
Vi tilbyr vidaregåande utdanning for vaksne med oppstart hausten 2020. Nedanfor finn du oversikt over faga og kva senter som tilbyr utdanninga. Søkarar med voksenrett blir prioriterte og du kan søke i vigo.no til Voss gymnas, Sotra, Stord og Åsane vgs. Bergen Katedralskole bruker eige søknadsskjema.
Når kan eg søke?
Du kan søke fram til 1. mai 2020 på fagtilbod som ikkje er fullteikna.
Grunngjevinga for å utvide tida er at vaksne skal få ro til å søke utdanning i ei tid der kvardagen har endra seg som følge av tiltak for å hindre spreiing av koronavirus.
Ver merksam på at nokre opplæringstilbod kan vere fullteikna og difor ikkje er ope for søking etter ordinær søknadsfrist som er 1. april. Informasjon om dette kan du finne på nettsida til det einskilde senter. Kontakt vaksenopplæringssentera direkte på epost eller telefon dersom du har spørsmål eller behov for studierettleiing.
Bygg- og anleggsteknikk
Design og handverk
Helse- og oppvekstfag
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Service og samferdsel
Teknikk og industriell produksjon
Studiekompetansefag
Bygg- og anleggsteknikk
- Betongfaget, Vg1, Sotra vgs
- Bygg- og anleggsteknikk, Vg1, Åsane vgs - fullteikna
- Byggteknikk Vg2, Åsane vgs
- Murarfaget / betonget, Vg3, Sotra vgs
- Reinhaldsoperatørfaget, Vg3,Stord vgs, Åsane vgs og Voss gymnas/Odda
- Tømrarfaget Vg3, Åsane vgs
Elektrofag
Helse- og oppvekstfag
- Helse- og oppvekstfag / barne- og ungdomsarbeidarfaget Vg1,Sotra vgs, Stord vgs og Voss gymnas
- Barne- og ungdomsarbeidarfag Vg2, Sotra vgs, Stord vgs, Åsane vgs- fullteikna og Voss gymnas/Kvam
- Barne- og ungdomsarbeidarfaget Vg3, Åsane vgs fullteikna
- Helse- og oppvekstfag Vg1, Åsane vgs fullteikna og Åsane vgs/Knarvik fullteikna
- Helse- og oppvekstfag / Helsearbeidarfag Vg1, Sotra vgs og Stord vgs
- Helsearbeidarfag Vg2, Sotra vgs, Stord vgs, Voss gymnas, Åsane vgs fullteikna og Åsane vgs/Knarvik fullteikna
- Helsearbeidarfaget Vg3,Sotra vgs, Stord vgs, Åsane vgs fullteikna og Åsane vgs/Os fullteikna
- Helseservicefag Vg2, Åsane vgs
- Helsesekretær Vg3, Åsane vgs fullteikna
- Tannhelsesekretær Vg3, Åsane vgs
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Service og samferdsel
Teknikk og industriell produksjon
Studiekompetansefag
- Engelsk
- Historie
- Matematikk
- Naturfag
- Norsk
- Samfunnsfag
Bergen Katedralskole tilbyr alle seks studiekompetansefaga. Sotra vgs, Stord vgs og Voss gymnas tilbyr studiekompetanse over to år. Les meir på nettsida til sentera.
Søknadsfrist
Søknadsfrist for opplæring som startar hausten 2020 er 1. april. Du søker gjennom vigo.no eller via nettsiden til skulane. Bergen katedralskole har eigne søknadsskjema.
Søkarar med vaksenrett blir prioriterte ved inntak, men alle kan søke.
Opplæring saman med lærlingar
Har du erfaring frå eit yrke som ikke står på lista? Då kan du søke om opplæring saman med lærlingar. Det er eit krav at du har nok erfaring frå yrket.
Bygg- og anleggsfag
- Byggdriftarfaget, industrimalarfaget, murarfaget, malarfaget, rørfaget, Åsane vgs
Design og handverk
- Frisørfaget, opplæring med lærlingar, Åsane vgs
Elektrikarfaget
- Dataelektronikarfaget, opplæring med lærlingar Åsane vgs
Restaurant- og matfag
- Kokk, institusjonskokk, servitør, opplæring med lærlingar Åsane vgs\
Service og samferdsel
- Logistikkfaget, opplæring med lærlingar Åsane vgs
Teknikk og industriell produksjon
- Bilfaget, lette kjøretøy, bilfaget, tunge kjøretøy, billakkerarfaget, bilskadefaget, CNC-operatør, gjenvinningsfaget, industrimekanikarfaget, produksjonsteknikk, opplæring med lærlingar Åsane vgs
Søk innan 1.april for fag som startar i august.
Vi prioriterer søkarar med vaksenrett, men alle kan søke. Du kan søke via nettsida til senteret som tilbyr faga eller via lenka på denne sida. Det er senteret som handsamer søknaden. Utdanninga er gratis for alle som får plass.
Har du spørsmål om opplæringa kan du kontakte vaksenopplæringssentera direkte.
Bruk retten din til å fullføre vidaregåande opplæring gratis. Vi tilbyr yrkesfag og studiekompetansefag.
Kven kan søke?
Utdanninga rettar seg mot vaksne som ikkje har fullført vidaregåande utdanning tidlegare, og har lovfesta rett til gratis vidaregåande opplæring, såkalla voksenrett. Alle kan søke, og undervisninga er gratis for alle som får plass. Søk via nettsida til senteret som tilbyr utdanninga (nedanfor).
Opplæring på deltid
Erfaren, men ufaglært? Vi tilbyr teorien til fagbrevet på deltid over eitt år, 1-2 dagar / kveldar i veka. Utdanninga passer for deg som vil ta fagbrev som praksiskandidat. Du kan òg ta studiekompetansefag på deltid.
Full opplæring - for deg utan arbeidserfaring
Vi tilbyr full opplæring over fleire år i utvalde fag. Informasjon om opplæringa kan du finne på nettsidene til senteret som tilbyr faget.
Opplæring saman med lærlingar
Vi tilbyr gratis opplæring for vaksne saman med lærlingar i yrkesfag der det er mogleg. Meir informasjon kan du finne på nettsida til sentra som tilbyr utdanninga. Dette gjeld for deg som har lang erfaring frå yrket og skal ta fagbrev som praksiskandidat. Det er eit krav at du har nok relevant yrkespraksis.