Studiekompetanse
Dersom du ynskjer å studere ved universitet eller høgskule har du bruk for studiekompetanse.
Mange vaksne tar generell studiekompetanse etter 23/5-regelen. Du kan og ta påbygg til fagbrev eller søke høgare utdanning på bakgrunn av realkompetanse. Ver merksam på at nokre utdanningar krev spesiell studiekompetanse.
Studiekompetansefaga
Vi tilbyr faga du treng for å ta generell studiekompetanse som vaksen.
- Norsk
- Engelsk
- Matematikk
- Naturfag
- Historie
- Samfunnsfag
Studiekompetanse for vaksne (23/5-regelen)
Du kan ta generell studiekompetanse etter 23/5-regelen dersom du oppfyller desse krava:
- 23 år eller eldre det året du søker
- Kan dokumentere fem år med utdanning / praksis
- Har bestått dei seks studiekompetansefaga (nedanfor)
Studiekompetanse med yrkesfag
Har du fullført og bestått ei yrkesfagleg utdanning oppfyller du krava i engelsk og samfunnsfag, men manglar dei fire siste studiekompetansefaga: Norsk, matematikk, naturfag og historie. Har du fullført og bestått påbygg til generell studiekompetanse eller yrkesfag med påbygging oppfyller du krava til generell studiekompetanse.
Søke på grunnlag av realkompetanse
Vaksne som ikkje har studiekompetanse kan søke opptak til høgare utdanning på grunnlag av realkompetanse. Det kan til dømes vere arbeid, organisasjonserfaring eller anna utdanning som er relevant for utdanninga du søker. Ordninga gjeld frå det året du fyller 25. Ei realkompetansevurdering kan òg gi grunnlag for å godkjenne fag som gir studiekompetanse.
Vi kan svare på spørsmål og gjennomføre realkompetansevurdering.
Søk høgare utdanning
Du kan søke høgare utdanning gjennom Samordna opptak. På nettsida deira vil du finne meir informasjon om studiekompetanse og opptak til høgare utdanning. Ver merksam på at nokre høgare utdanningar har spesielle opptakskrav. Vi tilbyr ikkje fordjuping i realfag, men du kan undersøke med Høgskulen på Vestlandet.
Studiekompetanse på to år
Vi tilbyr studiekompetansefaga over to år. Sjå fagtilboda og søk innan fristen.