Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Realkompetanse

Realkompetanse er summen av den kunnskapen du har samla frå arbeid, skule og fritid.

Vi kan gjennomføre ei realkompetansevurdering for deg. Har du vaksenrett er tenesta gratis.

Det er fleire grunner til å be om realkompetansevurdering:

  • Du kan få tilpassa opplæring i undervisninga
  • Du får dokumentasjon på den kompetansen du har i faget
  • Du treng ikkje opplæring i eit fag du får godkjent

Vi kan kartleggje og vurdere din realkompetanse, og godkjenne einskildfag med bakgrunn i læreplanen. Godkjende fag tel som karakter "2".

Du kan søke om realkompetansevurdering gjennom vigo.no
Hugs å velje vaksenopplæring / realkompetansevurdering.

For å handsame søknaden treng vi:

  • CV
  • Attestar frå arbeidserfaring
  • Vitnemål og karakterutskrifter
  • Attestar frå relevant frivillig arbeid

Lovfesta rett

Vaksne har rett til å få vurdert sin realkompetanse og få eit kompetansebevis. Ei realkompetansevurdering vil stadfesta kva kunnskap du har frå før og kva fag du eventuelt treng opplæring i. Kompetansebeviset dokumenterer den kunnskapen du har og kan nyttast som dokumentasjon for å søka jobb og vidare utdanning.

Eksterne lenkjer

Kontakt oss

Kontakt oss dersom du har spørsmål om realkompetanse. Vi kan hjelpe deg med eit opplæringstilbod som bygger vidare på den kompetansen du allereie har.


Kontakt oss dersom du lurer på noko.