Fagbrev
Har du erfaring fra eit yrke? Då kan du ta fagbrev som praksiskandidat.
eFagbrevet / sveinebrevet dokumenterer at du har fullført ei yrkesutdanning.
Fagbrev som praksiskandidat
Mange vaksne tar fagbrev som praksiskandidat, men du kan og søke full opplæring i skule og deretter bli lærling (2+2-løpet).
Du kan ta fagbrev som praksiskandidat dersom du kan:
- dokumentere om lag 5 år med allsidig erfaring frå yrket
- dokumentere bestått teorieksamen i lærefaget (Vg3-nivå)
Vi tilbyr gratis teoriopplæring for vaksne som fører fram til teorieksamen i lærefaget (Vg3-nivå). Vi tilbyr full opplæring i skule i utvalde fag. Sjå tilboda.
Du kan og lese sjølv og melde deg opp til teorieksamen i lærefaget som privatist.
Meld deg opp til fagprøve
Med bestått eksamen og relevant praksis frå yrket kan du melde deg opp til fag- eller sveineprøve. Det gjør du hos fagopplæringskontoret som og vurderer praksisen din. Fagbrev / sveinebrev får du når fagprøva er gjennomført og bestått.
Fagbrev på jobb
Fagbrev på jobb er ein ny ordning som rettar seg mot vaksne i arbeidslivet som ønsker å ta fagbrev. Kandidaten må dokumentere eitt år med relevant erfaring frå yrket, og bedriften må vere godkjent lærebedrift, for å kunne nytte ordninga.
Praksis i lærefaget
Du kan ta fag- eller sveineprøve som praksiskandidat på grunnlag av allsidig erfaring frå yrket (viser til Vg3-læreplanen). Du må sjølv skaffe deg erfaring frå yrket. Liste med godkjente lærebedrifter kan du finne på vilbli.no.
Godkjente lærebedrifter og opplæringskontor i Hordaland
Praksistida skal vere om lag 25 prosent lengre enn læretida i faget, 5 år i dei fleste faga. Den skal og vere relevant i forhold til læreplan i faget. Som praksiskandidat er du friteken for krav om fellesfag, men du kan få fråtrekk i praksistida om du likevel fullfører fellesfaga.
Fleire vegar til fagbrev
Alternative vegar til fagbrev er å
Vaksne kan ta fagbrev under ordninga full opplæring i bedrift. I denne ordninga teiknar du lærekontrakt for fire år og får opplæring i bedrifta. Undervisning i fellesfaga (norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag) får du som regel på ein vidaregåande skule.
Du kan og søke plass i vanleg vidaregåande skule, men blir prioritert etter søkarar med ungdomsrett.