Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

SENTER FOR VAKSENOPPLÆRING - Voss gymnas

På grunn av situasjonen med koronavirus, er me på Senter for vaksenopplæring no ikkje tilstades i skulebygget på Voss gymnas, men har heimekontor. Me tilbyr likevel rettleiing, vurdering av realkompetanse for vaksne og videregåande opplæring for vaksne. Om du har spørsmål angåande søknad om skuleplass hausten 2020, skulekvardagen akkurat no, realkompetansevurdering eller anna, ta gjerne kontakt med oss på telefon eller e-post. Me veiledar deg og avtalar digitalt møte ved behov.

Kontaktinfo til våre rådgjevarar:  

Ole Jonny Opkvitne - tlf. 952 15 630, e-post: Ole.Jonny.Opkvitne@vlfk.no 

Linn Birkeland - tlf. 48154669, e-post: linn.birkeland@vlfk.no

Utvida søknadsfrist: 

Du kan no søke fram til 1. mai 2020 på fagtilbod som ikkje er fullteikna. Grunngjevinga for å utvide tida er at vaksne skal få ro til å søke utdanning i ei tid der kvardagen har endra seg som følgje av tiltak for å hindre spreiing av koronavirus.

Kontakt oss direkte på epost eller telefon dersom du har spørsmål om opplæring eller behov for studierettleiing.

Studiekompetanse

Du må ha studiekompetanse for å studere ved høgskule eller universitet. Me tilbyr fag for generell studiekompetanse. 

Les om studiekompetanse

Fagbrev

Ei yrkesfagleg utdanning fører til eit fagbrev, svennebrev eller yrkeskompetanse.

Les om fagbrev

Realkompetansevurdering

Realkompetanse er summen av den kunnskap du har samla gjennom arbeid, fritid og utdanning.

Les om realkompetanse