Fellesfag
I Vg2 er klassen samla i fylgjande ordinære fellesfag: norsk, samfunnsfag, geografi og historie. Du held fram med framandspråket du hadde på Vg1 og praktisk matematikk eller programfaget matematikk R1 om du hadde teoretisk matematikk på Vg1.
Programfag
I Vg2 får du to nye fag: Treningsleiing og Idrett og samfunn.
Treningsleiing er eit teoretisk/praktisk fag. Faget tek føre seg instruktør- og coaching-rolla i idretten. Du lærer å leie, instruere og kommunisere med ulike grupper menneske gjennom ulike aktivitetar og undervisningsmetodar. Hovudområda er trener- og leiarrolla, leiing i praksis og arrangement.
Idrett og samfunn er eit teoretisk fag. Faget har eit historisk perspektiv, men tek og føre seg korleis idretten og samfunnet gjensidig påverkar kvarandre. Eit refleksjonsfag som set deg i stand til å forstå ulike perspektiv kring idretten i samfunnet, Dette er eit fag som har relevans til samfunnsfag og historie med hovudområde som: Idrettshistorie, idrett og verdiar, idretten i samfunnet og organisering av idretten.
Treningslære held du fram med frå Vg1 medan Aktivitetslære òg bygger vidare på det du lærte på Vg1.
I det daglege treningsarbeidet vert det utvikla endå meir spesifikke eigenskapar for toppidretten.
Programfag for idrett