Fellesfag
På Vg3 er klassen samla i fylgjande ordinære fellesfag: norsk, historie, religion og kroppsøving.
Felles programfag
Kunst og visuelle verkemiddel (Vg1-Vg3)
Dette er faget for deg som likar å gjera kreative ting. Du lærer å teikne og å male og arbeider med ulike material og reiskap. Vidare arbeider me med foto og digitale bilete.
Design og arkitektur (Vg1-Vg3)
I dette faget arbeider klassen som profesjonelle designere og arkitektar. Me får oppdrag frå kunde og skal lage og presentere eit produkt. Det er viktig å gjere godt grunnarbeid (kven, kva, kvifor) og det er viktig å selje ideen til kunden gjennom ein god presentasjon. Faget inkluderer og ein del historie og teori (byggjemateriale for bygningar, møblar og andre bruksgjenstandar bakover i tid).
Valfrie programfag
Arkitektur og samfunn
I dette faget ser me på miljøvenleg design, materialval og produksjon samt designval som spelar på lag med omgjevnaden.
Design og berekraft
Dette faget har fokus på berekraft. Om du skal arbeide som arkitekt eller designer er det viktig å gjere det på ein miljøvenleg måte. Som forbrukar er det viktig å gjere miljøvenlege val.
Foto og grafikk 1 og 2
I desse faga lærer du å fotografere og å arbeide med ulike grafiske teknikkar.
Kunst og skapande arbeid
Korleis vert kunst nytta som visuelt språk? Me arbeider med korleis kunst påverkar samfunnet og du vil finne ditt eige uttrykk.