Vg2 Reiseliv
Som elev på Vg2 Reiseliv vil du oppleva eit oppdatert innhald innanfor eksisterande læreplan. Me tenkjer framtidsretta og dreier innhald i ein meir berekraftig retning. Me vil ha enno meir praktisk undervisning – med dette meiner me at meir undervisning vil bli gjennomført i samarbeid med næringsliv, i naturen og i kulturlandskapet vårt.
Utdanninga søker å fremja elevens kreativitet – å jobba med produkt- og idéutvikling. I tillegg til teori vil elev igjennom praktiske øvingar og oppdrag lære korleis me kan skapa berekraftige reiseliv som bidreg til å skape gode opplevingar for gjestene våre. I studiet lærer me òg mykje om marknadsføring og korleis bruke digitale media i salsarbeidet.
Dersom elev vel å reisa til utlandet i arbeidspraksis får dei språkkurs i eit 2.framandspråk. I læretida kan dette bli ytterligare styrka gjennom praksis i utlandet.
Elevens styrker og interesser (t.d. musikk/festival, naturaktivitet, guiding, kunst, attraksjon, transport), vil vera med på å forma og tilpasse eiga utdanning innanfor læreplanen. Til dømes vil ein kunne tilpasse yrkespraksis/val av bedrift etter kva eleven ynskjer å fokusera på.
I utdanninga vil eleven læra mykje om norsk natur og norsk kulturarv. Voss ligg i eit verdsarvområde, me har fleire UNESCO-attraksjonar i nærleiken og er lokalisert midt mellom verdas to vakraste fjordlandskap. I tillegg har me kulturbyen Bergen like ved. Alt dette vil elevane oppleve som ein del av skulekvardagen.
Ekskursjonar og bedriftsbesøk
Ved Voss gymnas fokuserer me på eit tett samarbeid med reiselivsbedrifter i næringslivet. På Vg2 Reiseliv er elevane på bedriftsbesøk eller har praksis ein dag i veka gjennom skuleåret. Erfaringane frå ekskursjonar tek me med tilbake til klasserommet. Elevane jobbar vidare med problemstillingar før og etter me har vore ute og møtt næringslivet.
Internasjonalisering
Voss gymnas vil legge til rette for at Vg2-elevane får tilbod om fire vekers yrkespraksis i utlandet (i vårsemesteret). I dei siste åra har mange reist til Spania, men me har også samarbeid med Italia, Island og Shetland. Til no har alle som har reist ut vore svært nøgde med opphaldet og har hatt stort læringsutbytte av praksisen.
Vg2 Sal og reiseliv (skuleåret 2021-22)