Påbygging til generell studiekompetanse, Vg3
Påbygging til studiekompetanse er eit utdanningsløp i 3. klasse (Vg3) på Voss gymnas og høver spesielt godt for deg som manglar/ynskjer å ta generell studiekompetanse. Avhengig av kva du har fått undervisning i på Vg1 og Vg2, vil timeplanen din bli lagt opp slik at du får tilstrekkeleg med timar til å få vitnemål og kunne komme inn på høgskular og universitet.
Nokre fag på universitet og høgskular har spesielle krav til fordjuping, og dersom du til dømes skal inn på ingeniørhøgskule, må du ha spesiell studiekompetanse med fordjuping i matematikk og fysikk.
Elevar som har fullført Vg1 og Vg2 i eit yrkesfaglig utdanningsprogram, kan velje Vg3 påbygging til studiekompetanse. Påbygging har mykje teori, med mykje fagstoff i, til dømes, faga Norsk (ti timar per veke) og Historie (fem timar per veke).
Sidan kurset har eit komprimert løp, opplever mange at dette kurset er eit kurs med mykje arbeid og kan vere hardt å komme gjennom. Med generell studiekompetanse har du grunnlag for inntak til universitet og høgskule, og krava for inntak tilseier at påbygging til studiekompetanse kan opplevast som eit «tøft år» for mange elevar.
Kvifor velje påbygging til studiekompetanse?
Påbygging til studiekompetanse høver spesielt godt for deg som har vore ute i lære, gjerne har gått opp til og fått fag- eller svennebrev og som ynskjer vidare studie på universitet og høgskular.
På Voss gymnas er påbygging til studiekompetanse sett opp med ulike faste fag og i tillegg fag som kan veljast.
Programfag til val:
Programfaga som er nemnde under er til val for skuleåret 2020-21. Fagtilbodet som endeleg blir tilbode, blir avklart før skulestart, ettersom det vert styrt av elevane sine val.
- Matematikk R1
- Fysikk 1
- Sosialkunnskap
- Reiseliv og språk
- Psykologi 1
Vilbli
Søk skuleplass