Fellesfag
Klassen er samla i fylgjande ordinære fellesfag: norsk, naturfag og engelsk.
Framandspråk
Framandspråk gjev deg god kompetanse, både i vidare studium og i arbeidslivet. Voss gymnas tilbyr opplæring i spansk, tysk og fransk. Om du ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen må du ta spansk over tre år ved Voss gymnas. Om du hadde framandspråk på ungdomsskulen er det vanleg å fortsette med dette språket i to år på Voss gymnas.
Matematikk
Du kan velje om du til ta 1P- eller 1T-matematikk. Begge har like mange timar men varierer med omsyn til innhald. P-matten er meir praktisk medan T-matten er meir teoretisk.
Musikkfag
Du vil på Vg1 få ei innføring i musikkfag. Du får opplæring med eigen instrumentallærar på eitt fordjupingsinstrument, i tillegg til bruksinstrument. Du får syngje i kor med alle dei andre elevane på MDD, og spele i grupper. I faget lytting lærer du meir om musikken du høyrer, korleis han er sett saman, korleis han fungerer osb. Du får opplæring i musikkteori (notar, akkordar, rytme osb).