Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Medium og kommunikasjon

Er du interessert i fortellarteknikk, mediepåverknad og utforming av bodskap? Ønskjer du i tillegg studiekompetanse? Då er Medium og kommunikasjon faget for deg. Studietilbodet er treårig og du kan gå vidare på universitet/høgskule etter fullført og bestått utdanning.

Kvifor Medium og kommunikasjon?

Dette utdanningsprogrammet gir deg  generell studiekompetans og passar godt dersom du likar å arbeide med lyd, lys og bilete. Du vil arbeide med fleire uttrykksformer, som til dømes film, video, foto, grafisk design, lyd , radio og avis.

Kombinasjonen av teoretisk og praktisk kompetanse, vil gje deg eit godt grunnlag både for yrkeslivet og for høgare utdanning.

Ny tilbodsstruktur for Medium og kommunikasjon (MK)

Frå hausten 2016 vert MK eit studieførebuande utdanningsprogram. Det vert frå skuleåret 2016-2017 ikkje tatt inn elevar på Vg1 til utdanningsprogrammet Medium og kommunikasjon. Dette vart avgjort i fylkestinget i desember 2015 på bakgrunn av skulebruksplanen til Hordaland fylkeskommune. Skulen vil for skuleåret 2016-2017 ha eit Vg2 og Vg3 tilbod innan utdanningsprogrammet medium og kommunikasjon.

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2 Timetal Vg3
Sum timetall per veke 35 35 35
Norsk 4 4 6
Matte 5 3 0
Naturfag 5 0 0
Kroppsøving 2 2 2
Engelsk 5 0 0
Samfunnsfag 0 3 0
Historie 0 2 4
Geografi 0 2 0
Religion 0 0 3
Framandspråk 4 4 0
Mediesamfunnet 5 5 5
Medieuttrykk 5 5 5
Valfrie programfag 0 5 10

kontakt oss

Avdelingsleiar Profilbilde av Rannveig Dagestad

Rannveig Dagestad

Send e-post