Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Innføringskurs for minoritetsspråklege

Skal du ta vidaregåande utdanning, men må bli betre i norsk først? Då kan innføringskurs for minoritetsspråklege vere eit alternativ for deg. I kurset lærer du norsk og andre fag som gjer det lettare å starte på vidaregåande skule året etter. Kurset gir ingen formell kompetanse utover dette.

Kva er innføringskurs?

Er du nettopp kome til Noreg eller har kort butid, rådar me deg til å velje innføringskurset før du søker deg inn på eit ordinært Vg1 utdanningsprogram. Innføringskurset varer eitt skuleår og gir deg ei grundig innføring i norsk og styrkar kompetansen din innan skriving, lesing, rekning, bruk av digitale verkty og munnlege ferdigheiter. Du får òg opplæring i andre fag som matematikk, engelsk, samfunnsfag, naturfag og kroppsøving.

Voss gymnas har skuleåret 2019-2020 ikkje dette tilbodet, men vil truleg vere mogeleg å søke på skuleåret 2020-2021.

Kontakt oss

Assisterande rektor
Profilbilde av Håvard Vambheim Styve

Håvard Vambheim Styve

Send e-post 56532370

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal
Norsk 10
Samfunnsfag 6
Engelsk 4
Matematikk 4
Naturfag 4
Kroppsøving 2
Sum timetal per uke 30

Kontakt oss

Assisterande rektor
Profilbilde av Håvard Vambheim Styve

Håvard Vambheim Styve

Send e-post 56532370