Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Informasjonsteknologi og medieproduksjon

Informasjonsteknologi og medieproduksjon er ei yrkesfagleg utdanning. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan òg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Me tilbyr:

Er du interessert i teknologi, spel og programmering? Me tilbyr for deg som likar å bruke datamaskiner og er interessert i å lære programmering ei kreativ og teknologisk utdanning som gjer at du vert rusta til å arbeide med IT-utvikling eller IT-drift etter to år på skule. I yrkesfagleg fordjuping samarbeider skulen med bedrifter der du kan få prøve deg i praktisk arbeid og lære om kva som blir kravd av deg som yrkesutøvar.

Kvifor velje informasjonsteknologi og medieproduksjon?

Me omgir oss med teknologi og tekniske løysingar i kvardagen og i arbeidsliv. Verksemder og næringsliv har eit stort behov for tilsette med IKT-kompetanse som kan sikre stabil, effektiv og trygg drift av deira IT-system, samt eit behov for kreativ arbeidskraft som kan utvikle og programmere gode digitale løysingar. 

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2
Norsk 0 4
Engelsk 5 0
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Kroppsøving 2 2
Felles programfag 17 17
YFF 6 9
Sum timetall per veke 35 35

Første året

Ikt 1.JPG

Vg1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon

Fyrste året vert det undervist i desse praktiske programfaga:
- Konseptutvikling og programmering
- Produksjon og historieforteljing
- Teknologiforståing
I tillegg har ein fellesfaga engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving.

Konseptutvikling og programmering gir deg ei forståing av korleis ei digital løysing kan tilpassast ei målgruppe og forskjellige kanalar og korleis programmering kan brukast til å kommunisere digitalt. I dette faget skal du lære korleis ein arbeider med utvikling, kostnadsberekning, datamodellering, algoritmar og regelverk.

Produksjon og historieforteljing lærer deg å produsere innhald tilpassa ulike audiovisuelle medium tilpassa ulike publikum og brukarar.

Teknologiforståing gir deg kunnskap om ulike metodar og utstyr som vert brukt i moderne produksjon og korleis teknologi kan formidle nye uttrykk og gje nye opplevingar. I tillegg skal du lære om IT-drift, informasjonsbehandling, bærekraft, dokumentasjon, HMS og korleis ein kan sikre uønskt spreiing av data.

Andre året

IKt2.jpg

Vg2 IKT-servicefag

Elevane er ute i praksis i faget Yrkesfagleg fordjuping. På våren kan du søkje om Erasmus+-stipend for å ha praksis i utlandet. 

Vg2 Informasjonsteknolgi (skuleåret 2021-22)

På Vg2 er innhaldet i programfaga endå meir retta mot informasjonsteknologi, drift av IT-system og programmering.
Dette er eit heilt nytt utdanningsprogram for Vg2. Læreplanar er klar hausten 2020.

Elevane er ute i praksis i faget Yrkesfagleg fordjuping. På våren kan du søkje om Erasmus+-stipend for å ha praksis i utlandet. 

Assisterande rektor
Profilbilde av Håvard Vambheim Styve

Håvard Vambheim Styve

Send e-post 56532370