Vg1 Helse- og oppvekstfag
I tillegg til fellesfaga norsk, engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving, tilbyr Vg1 Helse- og oppvekstfag desse programfaga:
- Helsefremjande arbeid
- Kommunikasjon og samhandling
- Yrkesutøving
- Yrkesfagleg fordjuping
Her får du den grunnleggjande kunnskapen du må ha for vidare opplæring på Vg2.
Helse- og oppvekstfag er eit utdanningsprogram som fører fram til yrke som til dømes helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar, hudpleiar, ambulansearbeidar, farmasiteknikar og fotterapeut. Yrkesfagleg fordjuping er eit fag som er praktisk retta. Elevane har hovudsakleg utplassering i bedrift eller dei arbeidar med praktiske prosjekt på skulen. I tida fram til haustferien er det felles teoretisk innføring for alle elevane før dei eventuelt skal ut i praksis.
Dette programmet passar for deg som likar å arbeida med menneske, har evne og vilje til å samarbeida, samtidig som du kan ta avgjerder på eiga hand.
I faget Yrkesfagleg fordjuping har elevane utplassering ein dag kvar veke store deler av året. Vi prøver så langt det let seg gjere å skaffe kvar elev den n type praksisplass han/ho ønskjer.
Læreplan Vg1 Helse- og oppvekstfag