Vg1, Frisør, blom, interiør og eksponeringsdesign
I løpet av Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign vil du bli kjent med fleire yrke, og du får arbeide praktisk med oppgåver innan dei ulike yrke som ligg under dette utdanningsprogrammet.
Du vil få grunnleggande kunnskapar om komposisjon, form og fargelære, teikning og HMT. Du lærer å nytte ulike teknikkar, verktøy, maskiner og materialar. Du vil arbeide med alle fasar i ei produktutvikling frå ideutvikling, planlegging, gjennomføring og vurdering, til presentasjon av produktet. Programfaga skal gi deg erfaring med entreprenørskap, utvikling og produksjon av kreative design- og handverksprodukt på eit grunnleggande nivå.