Søknad
1. Du søker på same måte som du elles ville ha gjort til Vg2.
Føresetnaden er at du har Fransk 2 på Vg1. I særskilte høve kan også elevar som har byrja med fransk på vidaregåande bli vurderte.
Søknadsfrist er 1. mars på Vigo. Du vil finne ein eigen kode under Voss gymnas for utveksling til Frankrike.
Du må setja opp Vg2 i Frankrike som fyrstevalet ditt (dersom du ikkje vert tatt opp, vil andrevalet ditt gjelda).
2. I tillegg sender du ein søknad på papir til Voss gymnas.
Saman med papirsøknaden legg du ved eit brev på fransk og eit samandrag av dette på norsk der du fortel om deg sjølv, og kvifor du ynskjer eit utvekslingsår i Normandie (motivasjon).
Legg også ved karakterutskrift frå 1. termin. Send dette til: Voss gymnas, Boks 70, 5701 Voss, innan 1. mars.
3. Alle elevane vert kalla inn til intervju i Bergen i mars/april.
Saman med våre franske kollegaer intervjuar me elevane på norsk (i hovudsak) og fransk. Elevane får beskjed om inntaket allereie same dag.
Årshjul
Skuleåret i Frankrike fell i tre terminar og me reiser ned ilag omtrent ei veke før skulestart 1. september. Elevane reiser heim i jule- og vinterferie, medan dei er i vertsfamiliane i haust- og vårferiane.
Elevane har sjølve ansvaret for å bestille heimreisene i løpet av året, og elevane frå kvar skule reiser ilag.
I veka før skulestart og i den fyrste av haustferievekene har elevane intensive kurs i fransk. Dei får også tre timar med franskundervisning kvar veke fram til juleferien. I tillegg vert det ei veke med intensiv norskundervisning på Voss gymnas i ei av vinterferievekene.
Før avreise held me førebuingskurs for elevane på Voss. Mykje ligg dermed til rette for at elevane skal kunne ta del i ordinær undervisning saman med franske ungdommar.
Fag og godkjenning av skuleåret
Vg2 i franske skular vert lagt om i struktur frå og med hausten 2019 av. Dette medfører at fagkombinasjonane som elevar i Vestlandsklassen «Vg2iFrankrike» kan ta er revidert frå og med skuleåret 2019/20.
For i gå vidare på Vg3 Språk, samfunnsfag og økonomi i Noreg er det lagt eit løp der ein i tillegg til dei obligatoriske fag på Vg2 i dei franske skulane må velge faga Mathématiques, Littérature et langues culture étrangère (engelsk) og Sciences économiques et sociales.
Då vil ein ved ståkarakterar få godkjent faga Matematikk R1 (REA3022), Internasjonal engelsk (SPR3008 og SPR3009), Sosialkunnskap (SAM3016) og Økonomistyring (SAM3033).
For i gå vidare på Vg3 Realfag i Noreg er det lagt eit løp der ein i tillegg til dei obligatoriske fag på Vg2 i dei franske skulane må velge faga Mathématiques, Sciences physique chimie og Sciences de la vie et de la Terre.
Då vil ein ved ståkarakterar få godkjent faga Matematikk R1 (REA3022), Fysikk 1 (REA3004), Kjemi 1 (REA3011) og Biologi 1 (REA3001).
Me tek atterhald om at alle våre samarbeidsskular tilbyr denne kombinasjonen.
I tillegg til dei obligatoriske faga på Vg2 i Frankrike og dei ovannemnde faga (som fordjupingsvalet styrer), skal elevane velge eit fag innan for eit samlefag kalla Arts. Kva fag dei kan velge her er avhengig av kva skule elevane går på.
For å få eit bestått Vg2 må faga i det franske året vere bestått, men ein har unntak frå eksamen i fransk i Frankrike.
Alle våre elevar vil kunne ta privatisteksamen i Fransk III (munnleg og skriftleg) til jul på Vg3. Dette er ei godkjent fordjuping innafor Språk, samfunnsfag og økonomi og er eit godkjent valfritt programfag innan Realfag.