Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Velkomen til nytt skuleår

Fyrste skuledag er måndag 17. august. Under finn du informasjon for dei ulike trinna.

17. august er fyrste skuledag ved Voss gymnas. Denne dagen skal alle elevane ha startsamtale med kontaktlæraren sin, få skulebøker og bokskåp. Elevar som ikkje har gått på Voss gymnas tidlegare (startar på Vg1 eller er nye på Vg2/3) må hugse å ta med kontrakt for lån av lærebøker (sjå lenke til kontrakt i infobrev Vg1 under). Elevar som er under 18 år må ha med seg kontrakt som er signert av føresette, til fyrste skuledag.

Her finn du meir konkret informasjon, alt etter kva trinn du skal starte på i august:

Velkomen som Vg1-elev Velkomen som Vg2-elev Velkomen som Vg3-elev

Elev-PC 20/21

6. juli opnar fylket for bestilling av elev-pc. Meir informasjon finn du via denne sida: https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/

Maskinene vert i år levert av Komplett.no og elevane kan velge mellom tre modellar (to Windows/ein Mac).

Nokre utdanningsprogram krev maskiner med større yting fordi ein bruker spesielle program. Du kan oppleve at grunnmodellen ikkje har tilstrekkeleg yting eller dei tekniske spesifikasjonane som blir kravd. Skal du gå på Vg1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon, bør du vurdere ei kraftig Windows-maskin.

Korona

Skulen vil opne i tråd med Folkehelseinstituttet sin smittevernrettleiar. Korleis denne ser ut i midten av august vil vise seg men det er grunn til å tru at det vert skuleopning på nokonlunde liknande regime som me avslutta skuleåret på no i vår. Det betyr at skulen går etter normal timeplan og alle er fysisk tilstades på skulen. Utdanningsdirektoratet har meir informasjon via denne sida.

Som Udir skriv, og som var praksis siste skulevekene før sommarferien, må ein som elev og tilsett i skulen vera medviten tre overordna prinsipp:

  • er du ikkje frisk skal du ikkje vera på skulen
  • god hygiene er viktig (særskilt handvask)
  • hald minimum 1 meters avstand i alle fellesareal (ganger, kantine, uteområde, trappegangar osb).

Nærare informasjon om framferd på skulen vil verta opplyst om fyrste skuleveka.

 VEL MØTT TIL SKULESTART!