Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Velkomen som Vg3-elev

Velkomen som Vg3-elev ved Voss gymnas!

Fyrste skuledag vert måndag 17. august. Denne dagen er sett av til startsamtalar mellom kontaktlærarar og elevar. Det er sett av ca. 20 min til samtale med kvar elev.

Målet med denne samtalen er at kontaktlæraren skal verta snarast mogleg kjend med elevane sine, slik skulegangen kan verta tilpassa den einskilde.

Andre skuledag, tysdag 18. august skal du møte i klasserommet til klassen din kl 09.30. Du får rom opplyst på startsamtalen .

Nedanfor fylgjer nokre stikkord som skulen oppfattar som viktige i startsamtalen:

  • Forventningar til vidaregåande skule
  • Kvifor dette skulevalet – planar for framtida
  • Arbeidsvanar
  • Behov for særleg tilrettelegging (ta med dokumentasjon) 
  • Eventuelt andre tilhøve


Etter startsamtalen vil det verta gjennomført nokre praktiske gjeremål i høve til boklån. Hugs å ta med deg lånekortet som du fekk tildelt førre skuleår. Dersom du har startsamtale etter kl 13.00, kan du gå for å låne bøker før samtalen. Du får tildelt bokskåp på startsamtalen.

ID-kort og fotografering: skal føregå ved hjelp av eigen mobiltelefon. Du vil få nærare informasjon om kva du skal gjere ved ekspedisjonen i 1. etasje.

Tid for startsamtale får du på SMS direkte frå kontaktlærar.
Vi ynskjer deg velkomen til Voss gymnas og vonar at du alt frå første skuledag får eit godt skuleår her.

 

Venleg helsing

 

Unn Fauskanger
Rektor

 


Me gjer merksam på at det ikkje er høve til å parkere ved skulen. Det er vanlegvis god plass i parkeringshuset (Vossapark).