Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Velkomen som Vg1-elev

Velkomen som elev ved Voss gymnas!

Fyrste skuledag vert måndag 17. august på Voss gymnas. Denne dagen er sett av til startsamtalar mellom kontaktlærarar og elevar. Voss gymnas tykkjer det er ei føremon om føresette har høve til å møta saman med eleven. Av erfaringar veit me at god kommunikasjon mellom skule og heim er viktig, men dersom det av ulike grunnar ikkje høver for føresette å møta, har me forståing for dette. Det er sett av ca. ein halvtime til samtale med kvar elev. Målet med denne samtalen er at kontaktlæraren skal verta snarast mogleg kjend med elevane sine, slik at skulegangen kan verta tilpassa den einskilde.

Andre skuledag, tysdag 18. august vert det felles opning i idrettshallen på Voss gymnas kl 08.40, deretter vil du møta klassen din.

Nedanfor fylgjer nokre stikkord som skulen oppfattar som viktige i startsamtalen:

  • Forventningar til vidaregåande skule (t.d. ambisjonar)
  • Kvifor dette skulevalet (t.d. interesser, planar for framtida,) 
  • Arbeidsvanar (t.d. lekser, tidsbruk, fritidsaktivitetar)
  • Behov for særleg tilrettelegging (ta med dokumentasjon) 
  • Eventuelt andre tilhøve

I samband med startsamtalen vil det óg verta gjennomført boklån. Kontrakt for lån av lærebøker finn du her. Ta utskrift av den og få underskrift av føresette. Før du får utlevert lærebøker må kontrakten vera fylt ut og innlevert på skulen (dette er i følgje med Vestland fylkeskommune sine retningsliner). Dersom du har nasjonalt lånekort, kan du ta med dette, men kontrakten om boklån må likevel vera underskriven. Før eller etter startsamtalen går du til biblioteket for å låne skulebøker. Du får tildelt bokskåp på startsamtalen.

Datamaskin og IKT-hjelp: Du vil få IKT-opplæring onsdag eller torsdag i fyrste skuleveka, ta med datamaskin.

ID-kort og fotografering: skal føregå ved hjelp av eigen mobiltelefon. Du vil få nærare informasjon om kva du skal gjere ved ekspedisjonen i 1. etasje.

Tid for startsamtale får du på SMS direkte frå kontaktlærar.
Vi vonar at du alt frå første skuledag vil trivast som elev ved Voss gymnas!


Venleg helsing

 

Unn Fauskanger
Rektor

Me gjer merksam på at det ikkje er høve til å parkere ved skulen. Det er vanlegvis god plass i parkeringshuset (Vossapark).